Naturmangfald

Naturen skal forvaltast slik at plantar og dyr som finst naturleg i Noreg, skal sikrast i levedyktige bestandar. Vi skal også ta vare på den variasjonen som finst i naturtypar, landskap og geologi.

Alle har ansvar for naturmangfaldet

Alle typar inngrep i naturen kan true naturmangfaldet. Vi må derfor alltid vurdere konsekvensane av inngrep som for eksempel større vegar eller nye bustadområde.

Dei to viktigaste lovene for å sikre naturmangfaldet er naturmangfaldlova og plan- og bygningslova. Naturmangfaldlova pålegg styresmaktene å vurdere tiltak når naturen er trua.

Fylkesmannen er med på å sikre at leveområde, artar og naturressursar blir tekne vare på, blant anna ved å kontrollere at kommunane følgjer naturmangfaldlova, og sørgje for at kunnskap om miljøet blir lagt til grunn for kommunale avgjerder.

Trua artar og naturtypar

Meir enn 2000 plante-, sopp- og dyreartar står i fare for å bli utrydda i Noreg.  Regjeringa har peikt ut nokre av dei trua artane og naturtypane som «prioriterte artar» eller «utvalde naturtypar». Desse blir det teke særleg omsyn til i forskrifter til naturmangfaldlova. Fylkesmennene har ansvar for det faglege grunnlaget for nye handlingsplanar for trua artar og naturtypar, og for å gjennomføre tiltaka når planane er vedtekne. I mange tilfelle blir tiltaka utførte i samarbeid med grunneigarar, kommunar og foreiningar. 

Framande artar

Framande artar er plantar og dyr som ikkje høyrer naturleg heime i naturen vår. Meir reising, meir handel og eit mildare klima er nokre av årsakene til at det kjem nye framande artar til Noreg.

Det er viktig at framande artar ikkje skadar økosystema våre. Fylkesmennene deltek i arbeidet med å nedkjempe framande skadelege artar, blant anna ved å fjerne framande plantar frå verneområde og informere hageeigarar om kva for plantar dei helst ikkje bør bruke. Fylkesmannen har også oppgåver knytte til kartlegging og overvaking av framande artar.

Vis meir


25.06.2019

Ny lokal forskrift for jakt på grågås i Finnøy, Kvitsøy og Rennesøy kommunar

Fylkesmannen opnar for utvida jakt på grågås i Finnøy, Kvitsøy, og Rennesøy kommunar. I desse kommunane kan jakt på grågås starta 26. juli, 15 dagar før ordinær jakttid.

20.05.2019

Kartlegging av natur i Rogaland 2019

Miljødirektoratet startar i juni ei kartlegging av naturtypar i utvalde område i Rogaland. Biologer frå Biofokus og Ecofact Sørvest har fått oppdraget.

25.03.2019

Pollinatorforum

Etter eit oppslag på denne nettsida om regionalt miljøtilskot til pollinerande insekt, blei det eit auka fokus på pollinerande insekt i fylket. Same dag, blei det halde en konferanse om pollinerande insekt i Oslo; Pollinatorforum.

17.12.2018

Tilskot til trua naturtypar og artar og framande, skadelege organismar – Søknadsfrist 15. januar 2019

Grunneigarar, privatpersonar, frivillige organisasjonar, kommunar, verksemder og institusjonar som ynskjer å gjera ein innsats for å ta vare på våre trua artar og naturtypar i 2019, kan søka Miljødirektoratet om tilskot til slike tiltak i Elektonisk søknadssenter (ESS). Men ver rask - fristen er 15. januar! Sidan midlane er avgrensa, er det viktig at dei som har høve til å søka på miljøtilskotsordningane i landbruket, nyttar desse.

23.11.2018

Sakna reinhaldar er tilbake i Sokna

Den raudlista elvemuslingen finst framleis i Sokna. Kalkinga av vassdraget og at laksen no er tilbake, har redda elvemuslingen frå å døy ut.

02.11.2018

Lyngbrennarar i sør-Rogaland

Friviljuge lyngbrennarar dannar brennelag som tek i bruk moderne verkemiddel for å styrka skjøtselen av kulturlandskapet og gjera den tradisjonelle lyngheibrenninga tryggare og meir effektiv. Då trengst eit nært samarbeid med brannvesen og politi i distrikta. Eldsjelene inviterer til ein møteserie i Sokndal, på Varhaug og Undheim den 6. -7. november.

22.08.2018

Ny rapport om miljøgifter i hubro

Veterinærinstituttet har undersøkt førekomst av miljøgifter i hubro. Dei har funne urovekkande høge konsentrasjonar av fleire giftstoff. Det er sannsynleg at miljøgiftene samla sett har ein betydeleg påverknad på hubropopulasjonen i Norge.

09.07.2018

Ingen funn av selsnepe på Ognastranda

Selsnepe er ein skjermplante som er svært giftig, men den veks stort sett utilgjengeleg på veldig våte stader. Det er gjort svært få funn av denne i Rogaland. Dei næraste registreringane er Steigatjørna, Urdalstjørna i Sokndal. For sikre kjenneteiken på selsnepe sjå Helsenorge - Giftinformasjon. Etter synfaring på Ognastranda 7. juni fann me andre plantar av skjermplantefamilien, men ikkje selsnepe.

04.07.2018

Kartlegging av natur i Rogaland 2018

I juni starta biologar frå Miljøfaglig Utredning AS og Ecofact Sørvest å kartleggja naturtypar i Rogaland. Miljøfagleg Utredning vil kartlegge landskapsvernområda Synesvarden og Jærstrendene, medan Ecofact vil kartlegge naturtypar i utvalde område i fylket.

28.06.2018

Vipe-vener med gode rutinar

Bondevennen har publisert ein artikkel om korleis bøndene tryggar den truga fuglen vipe. Sjå meir i artikkelen på nettsidene.

Fleire nyhende