Motorferdsel

Køyring med motorisert køyretøy i utmark blir regulert av motorferdsellova med tilhøyrande forskrifter. Det er kommunane som handhevar lova på dette området. Fylkesmannen gir rettleiing til kommunane og er klageinstans for kommunale vedtak.

Formålet med motorferdsellova er å verne om naturmiljøet og sikre rekreasjonsverdiar. Lova har som utgangspunkt at all motorisert ferdsel i utmark og vassdrag er forboden. Regelverket opnar likevel for nødvendig køyring i samband med for eksempel nødutrykking eller forsvarsøvingar.

Endringar i regelverket i 2015 gjer at kommunane no kan leggje ut snøskuterløyper for køyring på vinterføre. I Finnmark og Nord-Troms er det eigne reglar, sjå omtale på Miljøkommune.no (sjå lenkja til høgre på sida).

Vis meir


04.07.2017

Båtførarar må vise omsyn til badande og andre interesser i strandsona


04.07.2017

Rettleiing til kommunane om lokal regulering av fart og bruk av sjøområde