Statleg planretningslinje for klima, energiplanlegging og klimatilpassing endeleg vedtatt!

Regjeringa har vedtatt nye statlege planretningslinjer for klima og energiplanlegging og klimatilpassing. Dette er ei utviding av eksisterande planretningslinjer for klima og energi, til også å gjelde klimatilpasning. Føremålet med revideringa av retningslinjene er at kommunane, fylkeskommune og stat gjennom eiga planlegging skal bidra til å avgrense eller unngå ulemper og skadar grunna klimaendringar, og dra nytte av eventuelle fordelar.

Retningslinjene legg vekt på verdien av heilskaplege løysingar og økosystem som våtmarker og opne bekker når det gjelder handtering av flaum og overvatn. Dersom det ikkje blir nytta naturbaserte løysingar skal dette bli grunngitt i planen.

Les den oppdaterte retningslinja her.