Rekordstor interesse for klimakutt i Rogaland

Diagram over klimasats-søknader
Diagram over klimasats-søknader (Foto: K. Solberg / Fylkesmannen i Rogaland)

Rekordmange kommunar har søkt om klimasatsmiddel i 2020. Ulike prosjekt i kommunane i Rogaland søker om 9% av potten. Til saman søker kommunane i landet om over 723 millionar kroner til generelle klimatiltak og klimavennlege hurtigbåtar.

Klimasats er ei ordning for stønad til kommunar og fylkeskommunar som vil kutte utslepp av klimagassar og bidra til omstilling til eit lågutsleppssamfunn. Ordninga blei oppretta av regjeringa i 2016.

I år har 187 kommunar søkt om stønad til ulike klimakutt-prosjekt. Dette er ny rekord, og viser at det stadig blir meir trøkk på klimaomstilling i kommunane. 

Kommunane og fylkeskommunen i Rogaland har søkt om ca 67 millionar kroner til 44 konkrete tiltak som skal kutte klimautslepp, og to klimanettverk. Klimasatsmidla vil bidra til store kommunale investeringer i klimakutt i Rogaland.

Seks søknader er ifrå Rogaland fylkeskommune, 11 er ifrå Stavanger kommune, og Sandnes søker om stønad til 6 tiltak. Fordelinga av søknadane er vist i vedlagte figur.

Når det gjeld innhaldet i søknadane er 18 av dei knytt til omstilling innan transport, og 12 er i samband med miljøvennleg bygg og anlegg. Fylkeskommunen har søkt om 24 millionar kroner til ombygging av hurtigbåt og ferje til batteridrift. To søknader gjeld klimavennlege anskaffingar. 

Det er miljødirektoratet som handsamer søknadene, så snart som mogleg. 

Du kan sjå alle søknadene i vedlagt lenkje til miljødirektoratet.