Miljødirektoratet sitt verktøy for klimagasstatistikk er ferdig

Miljødirektoratet har i fleire år leia eit arbeidd med å utvikla og gjera verktøyet for berekning av klimagassutslepp betre. Dette gjeld både statistikk og verknaden av tiltak. Det ferdige resultatet vil bli presentert på eit webinar 14 mars. Det vil også bli oppfølgings-webinar om bruken av verktøyet.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 12.03.2019

Den nye statistikken er mykje meir presis enn tidlegare og fører til at kommunane lett kan sjå kva som bidreg mest til utsleppa av klimagass i kommunen.

Rekneark som bereknar verknaden

Det nye med verktøyet som er laga, er at finnes fleire rekneark som bereknar verknaden for klimagass ved tiltak i dei ulike sektorane. Dette kan t.d. vere industri, jordbruk, skogbruk og transport. Dette gjer det enklare å finne fram til dei beste tiltaka og gjer dermed dei kommunale klima- og energiplanane til betre verktøy.

Webinar for presentasjon av ferdig utgåve

Verktøyet har blitt introdusert tidlegare, men den ferdig utgåva blir presentert på eit webinar «Se klimagassutslippene i din kommune» den 14. mars, jf. lenka til påmelding. Dei nye nettsidene blir lanserte den dagen og Miljødirektoratet vil forklare dei i grove trekk.

Det vil og blir forklart kva som er nytt samanlikna med tidlegare statistikk. Og 2. og 23. april er det nye webinar som syner korleis verktøyet kan nyttast i samband med skog- og anna arealforvalting og ved berekningar for vegtrafikk.

Statistikk og verktøy finn du i lenkene til denne nettsaka.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.