Nyutvikla klimastatistikk syner at Rogaland har stabile, men høge klimautslepp

Sektorvise utslepp av CO2-ekvivalentar i 2016
Sektorvise utslepp av CO2-ekvivalentar i 2016

Miljødirektoratet har nyleg presentert det nye verktøyet som produserer klimastatistikk på fylkes- og kommunenivå. Verktøyet er nettbasert og har blitt utvikla i lag med Statistisk sentralbyrå, SSB, og kommunesektorens organisasjon, KS.

Verktøyet, som framleis er ein beta-versjon, er resultatet av eit arbeid som har gått føre seg dei siste åra. Det produserer statistikk om dei ulike klimagassutsleppa som skjer innanfor ei kommunegrense. Dette kan vere utslepp t.d. frå industrien eller frå landbruket saman med utslepp frå transport og gjennomgangstrafikk både på land og til sjøs. Det endelege målet med arbeidet er å etablera ein nettstad der kommunane kan henta opplysningar t.d. i samband med utvikling av eigne klima- og energiplanar. Det skal bli mogleg å finna gode tal for utsleppsstatus i kommunen og å finna verktøy for berekning av effekten av ulike tiltak. Så langt er desse verktøya fordelt, med lenkjer til kvarandre, på klimasidene til nettstadane miljokommune.no og miljostatus.no. Verktøya vil bli utvikla vidare, men er per i dag det som gir dei sikraste kommunetala og tal for effekten av tiltak.

I perioden 2013 til 2016 har utsleppa vært nokolunde stabile. Statistikken syner at av fylka er det berre Hordaland som har høgare utslepp av klimagassar enn Rogaland. Utsleppa i Rogaland var drygt 11 % av dei nasjonale utsleppa i 2016. Industri, olje og gass står for om lag 44 % av utsleppa i Rogaland, medan jordbruk, skipsfart og vegtrafikk bidreg med om lag 46 %, jf. illustrasjonen ovanfor som syner utsleppa i 2016. Tysvær og Karmøy er blant dei ti kommunane meg høgaste utslepp i landet, noko som naturleg nok skuldast industrien som er etablert, jf. lenkja til grafiske kommuneoversyn. Og når Utsira og Bokn er blant kommunane med størst utslepp pr. innbyggar, skuldast dette skipstrafikken innanfor kommunegrensene.

Klimastatistikken kan finnast ved å nytta lenkja til Miljøstatus som du finn til høgre. Du kan også lesa om statistikken på Miljødirektoratet sin nettstad, jf. lenkja.