Korleis planlegge for mindre klimautslepp?

Miljødirektoratet har gitt ut ein rettleiar til korleis kommunal og fylkeskommunal planlegging kan redusere klimautsleppa. Rettleiaren finn du på nettsidene www.miljokommune.no.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 02.09.2016

Kvart eit kilo klimautslepp tel når det gjeld vêr og klima i framtida. Kommunar og fylkeskommunar må gå føre i arbeidet med utsleppsreduksjon og energieffektivisering. Der finst eit breitt spekter av verkemiddel som kan brukast, og det kan vere vanskeleg å orientere seg.

Rettleiaren på nettsidene Miljøkommune.no skal bistå kommunane i å få oversikt over eige ansvar og plikter, og vere til hjelp i sakshandsaminga. Rettleiaren gir informasjon om korleis redusere utslepp både i eigen drift, og innan kommunen sine geografiske grenser.

Den bygg opp under statleg planretningslinje for klima- og energiplanlegging som har til formål å:

  • sikre at kommunane går framføre i arbeidet med å redusere klimautsleppsikre
  • sikre meir effektiv energibruk og miljøvennleg energiomlegging i kommunane
  • sikre at kommunane bruker eit breitt spekter av rollar og verkemiddel i arbeidet med å redusere klimautslepp

Rettleiaren skal vere nyttig uansett kor i planprosessen ein er, og har sitt fokus på utsleppsreduksjon. Klimatilpassing er i ein eigen rettleiar.

Eit tips til korleis denne rettleiaren skal brukast er å ta utgangspunkt i lenkja «Hvordan jobbe med klima og energiplanlegging?». Der ligg det også eit flytskjema om prosessen. Elles finn du her lenkjer til ulike definisjonar, rolleavklaring, organisering, statistikk og berekningar, og eksempel.

Rettleiaren skal støtte kommunane i å ta gode val for å integrere omsyn til klimautslepp og energisparing i planlegging og i enkeltvedtak.

Nettsidene Miljøkommune.no gjev nyttig informasjon om forureining, klimatilpassing, vassforvalting og mykje anna nyttig for planlegginga på ulike nivå.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.