Klima

Global oppvarming krev klimatilpassingar. For Noregs del betyr klimaendringane i hovudsak høgare gjennomsnittstemperaturar, meir nedbør og meir ekstremver. Klimautfordringane kan få store konsekvensar for miljø og samfunn. 

Fylkesmannen skal arbeide for å redusere utslepp av klimagassar og for å avgrense framtidige skadar. Ein viktig del av planleggingsarbeidet er gode transportløysingar, robuste vegar og jernbaner, sikker energiforsyning og bustader og andre bygningar som ikkje ligg utsett til for jordras eller andre naturkatastrofar. Fylkesmannen skal òg medverke til at samfunnet er førebudd på å takle flaum, ras, straumbrot og andre alvorlege hendingar.

Lokal planlegging for klimaendringar

Fylkesmannen fungerer som bindeledd mellom den nasjonale klimapolitikken og gjennomføringa ute i lokalsamfunna. Det er kommunane som har hovudansvaret for å byggje gode samfunn for innbyggjarane sine, og klimaperspektivet er ein viktig del av denne planlegginga.

  • Fylkesmannen skal sikre at kommunane tek tilstrekkeleg omsyn til klimaendringane når dei gjer vedtak. Fylkesmannen er sektorstyresmakt for blant anna miljø og landbruk og har mynde til å føre tilsyn med kommunane, overprøve enkeltvedtak som ikkje tek tilstrekkeleg omsyn til klimaendringar, og fremme motsegner etter plan- og bygningslova.
  • Fylkesmannen fører tilsyn med beredskapsarbeidet i kommunane.
  • Fylkesmannen rettleier kommunane i klimaarbeidet. Fylkesmannen skal klargjere kva krav og forventningar staten har til kommunane, og samtidig formidle synspunkt frå kommunane til sentrale styresmakter.

Vis meir


21.02.2020

Rekordstor interesse for klimakutt i Rogaland

Rekordmange kommunar har søkt om klimasatsmiddel i 2020. Ulike prosjekt i kommunane i Rogaland søker om 9% av potten. Til saman søker kommunane i landet om over 723 millionar kroner til generelle klimatiltak og klimavennlege hurtigbåtar.

22.01.2020

Nettkurs om klima i kommunane

Fylkesmannen oppfordrar alle kommunane i Rogaland til å delta på nettkurs om klimaomstillig og -tilpassing, arrangert av Miljødirektoratet utover våren 2020. 

22.11.2019

258 millionar til kommunale klimakutt i 2020

Miljødirektoratet støtter klimatiltak i regi av kommunar og fylkeskommunar. For 2020 er det 258 millionar kr i potten. Pengane kan gå til prosjekt som til dømes reduserer klimagassutslepp ifrå veg/anlegg, VA, system for klimavennlege innkjøpsordninger, og ifrå arealendringer. Søknadsfristen er 15. februar 2020.

12.03.2019

Miljødirektoratet sitt verktøy for klimagasstatistikk er ferdig

Miljødirektoratet har i fleire år leia eit arbeidd med å utvikla og gjera verktøyet for berekning av klimagassutslepp betre. Dette gjeld både statistikk og verknaden av tiltak. Det ferdige resultatet vil bli presentert på eit webinar 14 mars. Det vil også bli oppfølgings-webinar om bruken av verktøyet.

03.10.2018

Statleg planretningslinje for klima, energiplanlegging og klimatilpassing endeleg vedtatt!

Regjeringa har vedtatt nye statlege planretningslinjer for klima og energiplanlegging og klimatilpassing. Dette er ei utviding av eksisterande planretningslinjer for klima og energi, til også å gjelde klimatilpasning. Føremålet med revideringa av retningslinjene er at kommunane, fylkeskommune og stat gjennom eiga planlegging skal bidra til å avgrense eller unngå ulemper og skadar grunna klimaendringar, og dra nytte av eventuelle fordelar.

01.10.2018

Klimasamling for kommunane

Miljødirektoratet arrangerer klimasamling i Haugesund 5. og 6. desember 2018. Føremålet er å hjelpe kommunane i arbeidet med å redusere klimagassutslepp. Påmeldingsfristen er 10. oktober.

28.06.2018

Seksten Klimasats-millionar til Rogaland

Det er satt av 150 millionar kroner som støtte til klimatiltak i kommunane. Rogaland fekk over 10 % av budsjettposten. Over halve tilskotet til Rogaland er knytt til tiltak og planlegging som gjeld auka bruk av sykkel og elsykkel.

09.04.2018

Nyutvikla klimastatistikk syner at Rogaland har stabile, men høge klimautslepp

Miljødirektoratet har nyleg presentert det nye verktøyet som produserer klimastatistikk på fylkes- og kommunenivå. Verktøyet er nettbasert og har blitt utvikla i lag med Statistisk sentralbyrå, SSB, og kommunesektorens organisasjon, KS.

26.01.2018

Berekning av effekten ved klimatiltak

Kommunane skal lage eigne klima- og energiplanar. Miljødirektoratet har utvikla eit verktøy som kan hjelpe kommunane og andre å berekne effekten av planlagde klimatiltak. Ein fyrste versjon er tilgjengeleg på miljokommune.no.

12.01.2018

Klimanettverka i Rogaland

Det lokale arbeidet med reduksjon av klimagasser tar seg stadig opp. Vi har no to interkommunale nettverk for klimakutt i fylket, eitt i nord og eitt i sør. Begge har søkt, -og fått, støtte frå Klimasats/Miljødirektoratet.

Fleire nyhende