Friluftsliv

Oppdatert 12.03.2024

Alle skal ha høve til å oppleve friluftsliv i naturen og i nærmiljøet, for eksempel å gå turar, å plukke bær og sopp, og å jakte og fiske. Å leggje til rette for friluftsliv er eit viktig tiltak for betre folkehelse. 

Statsforvaltaren skal ta hand om nasjonale friluftsinteresser knytte til strandsona, vassdrag og fjellområde. 

Under behandlinga av saker om arealdisponering skal både Statsforvaltaren, fylkeskommunen og kommunane ta omsyn til allmenta må få høve til å oppleve friluftsliv. Fylkeskommunen kan gi tilskot til tiltak som motiverer til å delta i friluftsliv, og til å sikre og opparbeide friluftsområde. 

Jakt og fiske

Alt vilt er freda dersom ikkje anna er bestemt i lova eller ved eigne vedtak. Det er Miljødirektoratet som fastset jakttida for ulike artar, men kommunane kan forlengje eller forkorte jakttida for enkelte artar. I verneområde kan det gjelde spesielle reglar for jakt eller vere jaktforbod. Kommunane er styresmakt for det meste av viltforvaltninga, mens fylkeskommunen har ein rettleiarfunksjon og Statsforvaltaren er klageinstans.

Statsforvaltaren har ansvar for forvaltninga av laks og sjøaure, sårbare bestandar av innlandsfisk og fisk i regulerte vatn. Statsforvaltaren samlar inn fangststatistikk frå lakse- og sjøaurefisket, registrerer deltaking i sjølaksefisket og deler ut tilskot frå det statlege fiskefondet. Overvaking er viktig for å kunne ta vare på og styrkje fiskebestandane. Statsforvaltaren har tett kontakt med grunneigarar og jakt- og fiskelag, og samarbeider tett med politiet, Statens naturoppsyn og Kystvakta om oppsyn med fiskeressursane.

Miljødirektoratet har ansvar for fiskereguleringar i elv og sjø og utarbeider forskrifter for fiske av laks og sjøaure.

Fylkeskommunen har ansvar for innlandsfisk av ikkje-trua bestandar i vatn som ikkje er regulerte. 

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 10.07.2017

Tidleg jakt på grågås i Kvitsøy, Rennesøy og Finnøy kommunar 2017-2018

Fylkesmannen har gitt ny felles forskrift som opnar for 15 dagar utvida jakttid på grågås i Kvitsøy, Rennesøy og Finnøy kommunar for 2017 og 2018. Den utvida jakta er strengt regulert.


Publisert 08.06.2017

Rettleiing til kommunane om lokal regulering av fart og bruk av sjøområde

Samferdselsdepartementet har laga ein rettleiar om lokal regulering av fart og bruk av kommunale sjøområde samt elvar og innsjøar når det gjeld vannscooter.


Publisert 02.12.2014

Tilskotsordningar i 2015 friluftsliv

Ordningane omfattar områda naturforvaltning, friluftsliv, kulturminnevern og forureining. Alle søknadar skal sendast gjennom elektronisk søknadssenter i Miljødirektoratet. Søknadsfristen er 15. januar 2015 for dei fleste tilskotsordningane.


Publisert 25.07.2014

Båtførarar må vise omsyn til badande og andre interesser i strandsona

Fint ver og varmt vatn i sjøen gjev rekordbesøk langs Jærstrendene og andre badeplassar i fylke. Både Fylkesmannen og friluftsråda får melding om uvettig køyring med båt og vannskuter blant dei badande.


Publisert 23.07.2014

Tidleg jakt på grågås i Kvitsøy og Rennesøy i 2014

Fylkesmannen har gitt nye lokale forskrifter som opnar for 15 dagar utvida jakttid på grågås i  Kvitsøy og Rennesøy kommunar i 2014. Jakta i denne perioden er strengt regulert.


Publisert 14.02.2014

Ny flott fuglefilm på Jæren våtmarksenter

Den prislønna naturfotografen Roy Mangersnes frå Sandnes har på oppdrag frå Jæren våtmarkssenter laga ein film om fuglelivet i Kvassheimsbukta i Hå. I filmen som er utan lyd, men med tekst, vil du sjå ei rekke kjende og mindre kjende fuglar som kan observerast langs Jærkysten.


Publisert 03.10.2013

Romsa sikra for almenta

Romsaøyane i Vindafjord er for all framtid sikra som friluftslivsområde for deg og meg. Desse øyperlene byr på gode havner for båtfolket, turstiar, fiskemuligheter og fine badeviker. På austsida av Store-Romsa ligg Noregs størst naturreservat for kristtorn.


Publisert 03.10.2013

Jakttider

Det er Miljødirektoratet som fastset jakttidene for dei jaktbare viltartane. I Norge er det tillat å jakte på nesten 60 ulike artar fuglar og pattedyr.


Publisert 02.10.2013

På steintrapper til Månafossen

Vegen frå parkeringa til Månafossen er restaurert og naturperla har fått ein staseleg inngang. Dei første 100 m av stien er steinsett.


Publisert 20.09.2013

Mostun natursenter

Naturinformasjonssenteret fekk autorisasjon som nasjonalt våtmarkssenter i desember 2012. Senteret ligg i Mosvatnparken i Stavanger. Alle arrangement ved Mostun vert publisert på Facebook.