Våronn mot hagerømlingar!

Krypfredlaus er ein fleirårig urt som lett kan sprei seg ut frå hagen. Foto: Eli Fremstad (Copyright CC BY 4)
Krypfredlaus er ein fleirårig urt som lett kan sprei seg ut frå hagen. Foto: Eli Fremstad (Copyright CC BY 4)

Våren er i full anmarsj! No som hyttepåsken er avlyst har fleire av oss i desse korona-tider fått litt meir tid til å sysle i hagane våre. Det er noko fantastisk over å rydde i hagen og sjå korleis livet spirer fram frå løk og frø som har vore i vinterkvile.

Men kva skal ein gjere med dei såkalla hagerømlingane?

Kven er desse hagerømlingane?

Hagerømlingar er planter som ikkje høyrer naturleg heime i norsk natur, til dømes artar som parkslirekne og krypfredlaus, eller buskar som rododendron og mispel. Dei er ofte særs livskraftige, utkonkurrer planter vi gjerne vil ha i hagen, og medfører i nokre tilfelle plager for gode naboar. Og endelaus med luking, med mindre ein får dei fjerna permanent.

Hagerømlingar er importert frå utlandet eller kjøpt på lokale hagesenter. Sidan er dei spreidd ukontrollert ut i naturen. Desse planteartane er ofte genetisk ulike frå norske individ, og ber med seg andre risikable artar i jorda knytt til planterota.

Det er ulovleg å dumpe hageavfall utanfor si eiga tomt. Slik deponering av hageavfall fører til omfattande spreiing av uønska artar. Hjå mange artar kan nye individ vekse opp att frå plantebitar like stor som ein negl, til dømes parkslirekne.

Ute i det fri kan også nokre artar utkonkurere norske stadeigne artar (såkalla framande artar). I England er det døme på at slike framande artar er så problematiske at dei fører til stor reduksjon i eigedomsprisane. For å unngå slike situasjonar, og ikkje minst skjerme vår natur, bruker vi i Noreg vesentlege delar av naturvernbudsjettet nedkjemping av framande artar, til dømes i verneområde, på øyer i skjergarden og langs viktige vassdrag. Din innsats i eigen hage vil vere til stor hjelp for å hindre slik spreiing!

Ka kan me gjere?

Hos Hageselskapet finn me mykje informasjon om korleis me kan nyta livet i hagane våre og samstundes hjelpe norsk natur, både i høve til hagerømlingar, dyreliv og insekt. Du kan lese meir om hagerømlingar her, men nokre tips kan vere:

  • Ikkje kast hageavfallet utanfor hagen din
  • Framande artar kan diverre ikkje kastast i hagekompost
    Nokre av artane er så «aggresive» at dei må kastast som restavfall, kor større mengder kan leverast til restavfall-mottak
  • Har du framande artar du vil fjerne?
    Luk dei no før dei blømer og set frø
    Luk deretter grundig seinare i sesongen, og i alle fall på sein-sommaren, slik at dei ikkje får lagra opplagsnæring i røtene
  • Lyst å plante nye spanande og «snille» artar i hagen?
    Rådfør deg med Hageselskapet eller Framadartslista hjå Artsdatabanken om kva artar som inneber lågare risiko for norsk natur
    Me oppmodar til å plante nokre bie- og humlevenlege blomar som utgjer låg risiko for norsk natur
  • Ikkje kast hageavfallet utanfor hagen din

 

Lukke til - og nyt våren i hagen din!

 

Kjempespringfrø som har spredd seg langs vassdrag. Foto: Anne Elven (Copyright CC BY4)imageyc37.png

Vis meir