Ynskjer ei betre handtering av reine bygge- og anleggsmassar

Miljødirektoratet har bede Fylkesmennene kartlegge massefyllingane rundt om i Noreg. For Rogaland sin del er det eit problem at vedtak om handtering av bygge-  og anleggsmassar blir gjort i mange små enkeltsaker. Fylkesmannen i Rogaland ynskjer å bidra til meir gjenvinning av desse massane.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.05.2020

Fylkesmenn rundt om i Noreg kartlegg no massefyllingane som blir brukt til mottak av reine jord og stein massar over tid, og der det blir motteke massar frå prosjekt. Dette mellom anna for vurdere kven av desse som også må regulerast etter forureiningslova.  

Over 200 massefyllingar i Rogaland

Kartlegginga så langt viser at det er heile 200 massefyllingar i Rogaland. I tillegg veit vi at det er nokre kommunar som ikkje har oversikt over alle massefyllingane som finns. 

Når ei massefylling blir etablert er tiltakshavar i dei fleste tilfella ein entreprenør, og massefyllingane blir i hovudsak lokalisert i landbruksområder (som er sett av til LNF-områder). Utgangspunktet for at ei massefylling blir etablert er som oftast at ein entreprenør (eller aktørar som Statens vegvesen) har bygge- og anleggsarbeid/vegprosjekt der det vil oppstå masseoverskot. Entreprenøren ynskjer då å sikre seg eit areal i nærleiken av der masseoverskotet vil oppstå. Massefyllinga er i dei fleste tilfelle mykje større enn det gardbrukaren har reell nytte av.

Manglar overordna plan

Spesielt i pressområda som for eksempel i Sandnes kommune skjer det ofte at det blir gitt mange løyver til massefyllingar på naboteigar, det vil seie utan ein overordna plan. Det er også mange eksempel på overskridingar av opphavlege avgrensing i løyver som er gitt. Grunneigar fortset å ta imot massar frå nye prosjekt og søker i beste fall om løyve i etterkant.  

Fleire kommunar ser no at det er eit stort problem at det blir for mange enkeltsaker og ynskjer å få regulert større områder under eitt gjennom reguleringsplan. Sola kommune har i kommuneplanen sin bestemt at massefyllingar som har eit arealomfang på meir enn 15 daa skal handterast gjennom ein reguleringsplan. Det ein ser då er at entreprenørane søker om tiltak som er på 14,9 daa. Eit år eller to seinare søker dei om eit nytt tiltak for å fylle opp resten av jordteigen eller naboteigen.

Massefyllingar har i ein del tilfelle blitt plassert i områder knytt til våtmark og myrområder. Slik sett er massefyllingar med på å utradere ein viktig naturtype i Noreg. Det er også eit stort problem med avrenning frå massefyllingar til nærliggande vassdrag.  

Gjenbruk av overskotsmasse

Masseregnskapet utarbeida i samband med Regionalplan for massehandtering på Jæren 2018-2040, viste at det i byområdet på Nord-Jæren blir gravd og sprengt ut ca 3 mill m3 overskotsmassar årleg (ekskl større tunnelprosjekt).

Massefyllingar er i praksis ei deponering der massar som andre i mange tilfelle kunne blitt nytta blir kasta. Fylkesmannen ynskjer at det framover i staden for massefyllingar blir etablert fleire mellomlagrings/sorteringsanlegg der konseptet er at massane skal bli brukt på nytt i eit anna prosjekt. Det er allereie eit slikt anlegg i Sør-Rogaland.

Workshop om massehandtering

Fylkeskommune arbeider med å få etablert fleire sentrale anlegg for gjenvinning og gjenbruk av massar. Prosjektet er ein del av oppfølginga av handlingsprogrammet til regionalplan for massehandtering. Fylkeskommunen skal ha dette som tema på ein workshop 27. mai.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.