Løyve til Pelagia Egersund Sildoljefabrikk

Fylkesmannen har etter søknad gitt Pelagia Egersund Sildoljefabrikk nytt løyve etter forureiningslova til verksemda sitt produksjonsanlegg for fiskemjøl og fiskeolje ved Lindøy i Eigersund kommune.

Nytt løyve er datert 6.11.2018, og erstatter i sin helheit verksemda sitt løyve av 19.3.2001.

Løyvet har ei produksjonsramme på 40 000 tonn fiskemjøl og 15.000 tonn fiskeolje.

Anlegget har resipienttilhøve for sjø som er sårbare for nye utslepp. Fylkesmannen har lagt vekt på dette ved fastsetting av strengare vilkår og grenseverdiar for utslepp av prosessvatn til sjø.

Krav til utslepp av lukt er sett i samsvar med Miljødirektoratets rettleiar for regulering av lukt i løyve etter forureiningslova, inkludert ei grense for luktkonsentrasjon ved nabohus på ein europeisk lukteining.

Løyve set i tillegg krav til dokumentasjon av råstoffkvalitet ved prosessering.

Sjå løyvet med vedtak og saksutgreiing i dokumentlenka til denne nettsaka.

Vedtaket kan påklagast til Miljødirektoratet innan tre veker. Mogleg, grunngjeven klage skal rettast til Miljødirektoratet og sendast Fylkesmannen i Rogaland, fmropost@fylkesmannen.no.