Løyve til mudring og sprenging i sjø ved Instefjordkaien

Rosenberg Worley AS er gitt løyve etter forureiningslova til mudring og sprenging i sjø ved Instefjordkaien, Buøy i Stavanger kommune.

Det er i løyve sett krav om bruk av siltgardin for å hindre spreiing av forureina sediment, og boblegardin for å beskytte fisk og fugl.

Sjå søknad og løyve med vilkår i dokumentlenka.

Vedtaket kan påklagast til Miljødirektoratet innan tre veker. Eventuell, grunngjeven klage skal rettast til Miljødirektoratet og sendast Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller fmropost@fylkesmannen.no.