Løyve til utfylling i sjø ved Talgje kai

Fylkesmannen har etter søknad gitt Inga og Terje Østebø løyve til utfylling i sjø på eigedomane 43/1, 58 ved Talgje kai i Finnøy kommune.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 06.07.2017

Løyve gjeld utfylling med ca. 20 000 m3 grove skifer sprengsteinmassar i sjø, utfyllinga vil dekkja eit sjøbotnareal på ca. 5700 m2.

Det er i løyve sett krav om blant anna turbiditetsmålingar og å sikre utfyllinga mot utrasing.

Vedtaket kan påklagast til Miljødirektoratet innan tre veker frå kunngjeringstidspunktet. Ei eventuell, grunngjeven klage skal rettast til Miljødirektoratet og sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller fmropost@fylkesmannen.no.

Sjå løyve og søknad i høgremargen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.