Løyve til mudring og utfylling i sjø ved Nordalsbotn

Fylkesmannen har etter søknad gitt Statens vegvesen løyve til mudring og utfylling i sjø FV511 Bygnes - Søylebotn ved Nordalsbotn i Karmøy kommune.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 12.09.2017

I samband med utviding av FV511 Bygnes – Søylebotn er det gitt løyve til arbeid i sjø. Løyve gjelder utfylling med ca. 2 000 m3 sprengsteinsmassar i sjø og vil dekkja eit sjøbotnareal på ca. 250m2. Det er i løyve sett krav om blant anna turbiditetsmålingar og bruk av siltgardin for å hindre spreiing av forureina sediment.

Vedtaket kan klagast på til Miljødirektoratet innan tre veker frå kunngjeringstidspunktet. Ei eventuell, grunngjeven klage skal rettast til Miljødirektoratet og sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller fmropost@fylkesmannen.no.

Sjå løyve og søknad i høgremargen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.