Etterkunngjering av løyve til mudring og utfylling i sjø i Kalhammarvigå

Fylkesmannen i Rogaland har etter søknad gitt GMC Eigedom AS løyve til mudring og utfylling i sjø ved eigedomen 59/1712 i Stavanger kommune.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 26.03.2018

I samband med utbygging av Byfjordparken har GMC Eigedom AS behov for mudring i Kalhammarvigå. Det er gitt løyve til mudring (planering) av ca. 10 m3 sedimenter samt utlegging av ca. 30 m3 singel. Tiltaket vil røra ved eit sjøbotnsareal på ca. 100 m2. Det er i løyve sett krav til bruk av siltgardin for å hindra spreiing av forureina sediment, samt tidsavgrensing av omsyn til gytetida for torsk.

Vedtaket kan klagast på til Miljødirektoratet innan tre veker frå kunngjeringstidspunktet. Ei eventuell, grunngjeven klage skal rettast til Miljødirektoratet og sendast Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller fmropost@fylkesmannen.no.

Sjå løyve i vedlegget til denne nettsaka.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.