Etterkunngjering av løyve til mudring og sprengning i sjø - Rekefjord Stone AS

Fylkesmannen i Rogaland har etter søknad gitt Rekefjord Stone AS løyve til mudring og sprenging i sjø ved eigedomen 81/1 i Sokndal.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 21.06.2018

På bakgrunn av avgrensinga på maksimum storleik på skip har Rekefjord Stone AS behov for å betre djupna rundt kaianlegget.

Det er gitt løyve til mudring av ca. 5000 m3 sedimenter. Tiltaket vil røra ved eit sjøbotnsareal på ca. 1000 m2. Det er i løyve sett krav til bruk av siltgardin for å hindra spreiing av forureina sediment ved mudring og overskotsmassar skal leverast til godkjent mottak. Dersom sprengingsarbeid skal gjennomførast i perioden januar-april må bedrifta samrå seg med lokale fiskarar med omsyn til sildefiske.

Sjå løyve i lenka til denne nettsaka.

Vedtaket kan klagast på til Miljødirektoratet innan tre veker frå kunngjeringstidspunktet. Ei eventuell, grunngjeven klage skal rettast til Miljødirektoratet og sendast Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller fmropost@fylkesmannen.no.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.