Etterkunngjering av løyve Lyse Neo AS utslepp lensevatn frikjølingsanlegg til Sandnes sentrum

Fylkesmannen har gitt løyve til utslepp av lensevatn frå byggegrop på eit område med forureina grunn på eigedommen 111/253 i Indre Vågen, Sandnes kommune.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 16.04.2018

I samband med grunnarbeid for frikjølingsanlegg på tomta Havneområde 1, kan det oppstå inntrenging av sjøvatn under spuntet. Vatn som samlar seg i byggegropa må då lensast til sjø, fordi det ikkje er tilstrekkeleg kapasitet på offentleg nett. Vatnet i byggegropa vil vere påverka av forureininga i grunnen.

Fordi utsleppet vil skje i perioden med frittlevande egg og larver av kysttorsk i Gandsfjorden, er det sett krav til felling av partiklar og bruk av oljeutskillar før utslepp til sjø. Vasskvaliteten i lensevatnet skal målast før og etter reinsing. Grenseverdiar for olje, miljøgifter og partiklar er sett i vilkår til løyvet, tabell 1 og 2.

Løyvet gjeld frå 15. april 2018 og ut året.

Vedtaket kan klagast på til Miljødirektoratet innan tre veker frå kunngjeringstidspunktet. Ei eventuell klage skal rettast til Miljødirektoratet og sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller fmropost@fylkesmannen.no.

Sjå løyve og søknad i lenkene til denne nettsaka.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.