Etterkunngjering av endra produksjonsramme for Norsk Stein AS i Suldal

Fylkesmannen har etter søknad endra Norsk Stein AS sitt løyve etter forureiningslova (løyvenr. 2012.247.T). Vedtaket inneber at verksemda får auka produksjonsramma frå 10 mill. tonn til 12 mill. tonn per år.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 28.11.2017

Vilkår og grenseverdiar for utslepp frå verksemda til ytre miljø, vert ikkje endra. Fylkesmannen har difor ikkje funne det naudsynt å sende saka på høyring, jf. forvaltingslova § 16 tredje ledd punkt c.

Endringa er gjort med heimel i forureiningslova § 18 punkt 5.

Vedtaket om endring av løyvet kan påklagast til Miljødirektoratet innan tre (3) veker, jf. forvaltningslova §§ 28 og 29. Klagen skal sendast til Fylkesmannen. Klagen må innehalde opplysingar om grunnen til klagen, kva for endringar som er ønskeleg og eventuelt andre opplysingar som det bør leggast vekt på ved vurdering av klagen.

Søknad, vedtak og oppdatert løyve er publisert i høgremargen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.