Etterhandskunngjering av løyve til utfylling i sjø Hillerøy ved Røvær

Fylkesmannen har gitt Røvær Fjordbruk AS løyve til utfylling i sjø i Haugesund kommune.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 02.11.2017

Løyve gjeld utfylling av ca. 15 000 m3 stadeigne sprengsteinmassar på ein undervassgrunne, utfyllinga vil samla røra eit sjøbotnareal på ca. 2200 m2. Ifølgje Temakart-Rogaland ligg tiltaksområdet innanfor eit område med den viktige naturtypen skjelsand, klassifisert som svært viktig. Ifølgje innhenta vurderingar av ein uavhengig part, består truleg heile utfyllingsområdet av hardbotn, evt. skjelsand er truleg avgrensa til sprekker. Føremålet med utfyllinga er å utvida landbase/kaiområde.

I løyve er det blant anna sett krav om siltgardin for å hindra partikkelspreiing.

Vedtaket kan klagast på til Miljødirektoratet innan tre veker frå kunngjeringstidspunktet. Ei eventuell, grunngjeven klage skal rettast til Miljødirektoratet og sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller fmropost@fylkesmannen.no.

Sjå løyve og søknad i høgremargen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.