Nytt løyve til Schlumberger Norge AS i Sola

Schlumberger Norge AS avd M-I Swaco Tananger Norsea base driv ikkje med «behandling» av farleg avfall. Forvaltningsmynde er difor flytta frå Miljødirektoratet til Fylkesmannen. Som rett mynde fekk verksemda nytt løyve frå Fylkesmannen 30.6.2016.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 09.01.2017

Schlumberger Norge AS avd M-I Swaco Tananger Norsea base fekk 25.06.2001 løyve til mottak, behandling m.m. av farleg avfall frå Miljødirektoratet. Etter å ha endra løyvet slik at det ikkje lenger omfatta behandling av farleg avfall, overførte direktoratet 14.03.2016 forvaltingsmynde for verksemda til Fylkesmannen.

Fylkesmannen ga 30.06.2016 Schlumberger Norge AS avd M-I Swaco Tananger Norsea base nytt løyve til mottak m.m. av farleg avfall. Med få unntak videreførte/kopierte Fylkesmannen vilkåra som Miljødirektoratet ga 25.06.2001, sist ble endra 18.02.2011.

Fylkesmannen oppdaga 1. veka i 2017 at det i vilkår 2.6 «Finansiell sikkerhet» hadde sneke seg inn ein tykkfeil (og ein rein kopieringsfeil) i løyve. I brev av 09.01.2017 oversender Fylkesmannen korrigert løyve til verksemda og kommunen (som kopiadressat).

I margen til høyre finner du:

  • Følgebrev til løyve av 30.06.16
  • Løyve av 30.06.16 (korrigert 09.01.17)

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.