Avslag på søknad om utfylling i sjø ved Kuneset

Fylkesmannen har avslått søknad frå Åmøy Havn AS om utfylling i sjø ved Kuneset, Vestre Åmøy i Rennesøy kommune. Tiltaket som omsøkt vil gi direkte tap av deler av ei nasjonalt viktig ålegraseng av stor betydning for biologisk mangfald, samt risiko for spreiing av forureina sediment.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 17.03.2017

På grunn av tiltakets uakseptable verknadar på miljøet, har Fylkesmannen avslått søknad frå Åmøy Havn AS om løyve etter forureiningslova / forureiningsforskrifta til utfylling i sjø på gnr. 43, bnr. 96 og 122, Kuneset, Vestre Åmøy i Rennesøy kommune.

Tiltaket som omsøkt, gir stor fare for spreiing av forureina sediment og direkte tap av deler av ei nasjonalt viktig ålegraseng av stor betydning for biologisk mangfald generelt, inkludert oppverkstområde for bl.a. kysttorsk.

Fylkesmannen er open for at verksemda sender inn ein ny søknad, med andre løysingar som ivaretar hensynet til ålegrasenga, og som hindrar spreiing av forureina botnsediment via fortrengning.

Vedtaket kan påklagast av part med rettsleg klageinteresse, jf. forvaltningslova § 28, til Miljødirektoratet innan 3 veker frå kunngjeringstidspunktet. Eventuell, grunngjeven klage skal rettast til Miljødirektoratet og sendast Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger, eller fmropost@fylkesmannen.no.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.