Forureining

Fylkesmannen er forureiningsstyresmakt for ei lang rekkje verksemder og tiltak, og kan gi løyve til aktivitetar som kan medføre forureining. Ansvarsområda våre omfattar mellom anna helse- og miljøfarlege kjemikaliar, avfall og gjenvinning, luftforureining og støy, i tillegg til forureining av vatn og grunn.

Dette er nokre av Fylkesmannens oppgåver etter forureiningslova: 

  • behandle utsleppssøknader og føre tilsyn med landbaserte industribedrifter. Mange bedrifter treng ikkje eige løyve frå Fylkesmannen, men skal følgje gjeldande forskrifter. Dette gjeld blant anna for pukk- og asfaltverk, fyringsanlegg og skipsverft.
  • behandle utsleppssøknader og føre tilsyn med avfallsbehandlingsanlegg som avfallsdeponi, mottaks- og sorteringsanlegg, bilvrakplassar og behandling av avløpsslam.
  • behandle utsleppssøknader og føre tilsyn med avløpsanlegg i store tettstader.
  • behandle søknader om mudring, dumping og utfylling i sjø og vassdrag.
  • føre tilsyn med at verksemder oppfyller leveringsplikta for farleg avfall og andre generelle plikter i forureinings- og avfallsforskriftene blir oppfylt
  • følgje opp område med ureina grunn og nedlagde kommunale deponi.
  • rettleie og føre tilsyn med kommunane på område der kommunen er ureiningsmyndigheit.

Vis meir

Akutt forureining

Dersom eit uhell eller ei ulykke fører til eller kan føre til akutt forureining av det ytre miljøet, skal du straks varsle om dette på telefon:

  • 110

Fylkesmannen i Rogaland har ei intern beredskap når det gjeld akutt forureining, og har følgande vakttelefonnummer:

Kirsten Redmond Kristiansen (IUA-kontakt forureining):

  • 51 56 87 77 / 412 09 530

Cathrine Stabel Eltervåg (IUA-kontakt natur):

  • 51 56 89 15 / 986 76 987

May Britt Jensen (fylkesmiljøvernsjef):

  • 51 56 89 27 / 469 34 768

Marit Sundsvik Bendixen (ass. fylkesmiljøvernsjef, seksjonssjef forureining):

  • 51 56 89 36 / 922 49 043

Per Kristian Austbø (ass. fylkesmiljøvernsjef, seksjonssjef natur):

  • 51 56 89 10

21.06.2019

Endra løyve etter forureiningslova Bøvågen i Karmøy

Fylkesmannen har endra løyve 06.04.2017 til Karmøy kommune til graving/mudring i sjø for ny avløpsleidning Bøvågen til Salhus i Karmøy kommune

27.05.2019

Løyve til arbeid i sjø Sande og Nesvik i Hjelmeland kommune

Statens vegvesen er gitt løyve til arbeid i sjø ved utviding av ferjekaiene på Sande og i Nesvik i Hjelmeland kommune.

06.05.2019

Løyve til JTP Gruppen AS i Bangarvågen

Fylkesmannen har gitt JTR Gruppen AS løyve til mudring i sjø ved eigedomen 51/480 Bangarvågen i Stavanger. Tiltaket vert utført på vegne av Skoleskipet Gann som leiger ut området til Falck Nutec for kursverksemd og dykking.

19.03.2019

Løyve til Statens vegvesen Region vest til utfylling i sjø ved Krossøy

Fylkesmannen har etter søknad gitt Statens vegvesen, Region vest løyve til utfylling i sjø ved Krossøy i Kvitsøy kommune. Løyve omfattar utfylling med ca. 800 000 kubikk sprengstein fra Rogfast prosjektet.

14.03.2019

Løyve til Norsk Dyremat AS

Fylkesmannen har etter søknad gitt Norsk Dyremat AS avd. Sirevåg løyve etter forureiningslova til produksjon av dyrefôr på anlegget 95/443 Nylund 30 i Hå kommune.

19.02.2019

Løyve til Statkraft AS for mellombels utslepp av anleggsvatn

Fylkesmannen har etter søknad gitt Statkraft AS løyve etter forureiningslova til mellombels utslepp av anleggsvatn frå tunneldriving ved Kvildal kraftverk i Surdal kommune.

17.01.2019

Løyve til Åkrehamn reinseanlegg

Karmøy kommune har fått løyve til utslepp av reinsa avløpsvatn tilsvarande 15 000 pe frå Åkrehamn reinseanlegg.

16.01.2019

Løyve til arbeid i sjø for etablering av kai i Habnavågen

Syre Båtforening AS har fått løyve til mudring og utfylling i sjø ved eigedomen 38/163 Habnavågen i Karmøy kommune.

16.01.2019

Løyve til utfylling i sjø ved Ormaneset i Rennesøy

Green Mountain AS er gitt løyve til utfylling i sjø for etablering av næringsbygg på eigedomen 36/16 ved Ormaneset i Rennesøy kommune.

14.01.2019

Løyve til Statens vegvesen for utslepp av anleggsvatn

Fylkesmannen har gitt Statens vegvesen, Region vest løyve etter forureiningslova til utslepp av anleggsvatn frå tunneldriving ved Kvitsøy.

Fleire nyhende