Skal du fiske i sjøen? Les dette først

Fiske i sjø er i Noreg ope og gratis for alle, men nokre reglar er det lurt å setje seg inn i før fisketuren tek til. Frå 1. mars er det igjen nedsenkingspåbod for garn, det er strengare reglar for fiske i fredningssoner utanfor vassdrag, og alt fiske etter laks og sjøaure i det meste av Ryfylkefjordane er forbode frå 1. mars til og med 30. april.

Reglar for garnfiske

Det er i utgangspunktet forbode å fiske etter laks eller sjøaure med garn. Ved fiske i sjøen er det ei plikt å setje garnet slik at det ikkje fangar laks eller sjøaure. Om ein skulle kome til å fange anadrom laksefisk i garn tiltenkt fangst av saltvassfisk, skal fisken sleppast ut att uansett om han er daud eller levande.

Frå 1. mars til og med 30. september skal alle garn innanfor ein avstand på 40 meter frå land, øy, holme eller skjær, målt ved fjøre sjø, senkast ned slik at heile fangstdelen står minst 3 m under havoverflata til ei kvar tid. Utanfor 40 meter gjeld dette påbodet berre for garn med maskevidde større enn 32 mm. Det er i tillegg eigne reglar for garnfiske i forbodssoner og fredningssoner utanfor vassdrag.

Forbodssoner og fredningssoner

I Rogaland er det innført forbodssoner og fredningssoner utanfor et rekkje vassdrag. Sonene er skilta. Forbodssonene og fredningssonene er fastsatt i forskrift om fredningssoner og nedsenking av garn i sjø, Rogaland og kartfesta i vår kartportal Temakart Rogaland.

Innanfor forbodssonene i Rogaland er alt fiske forbode heile året. Det er forbodssoner utanfor vassdraga Imsa, Figgjo og Sokndalselva.

Innanfor fredningssonene i Rogaland skal alle garn, uansett maskevidde, senkast slik at heile garnet til ei kvar tid er minst 5 meter under havoverflata i perioden 15. april til 15. oktober. Ingen fastståande reiskap kan setjast nærare enn 100 meter frå grense elv/sjø i fredningssonene.

Forbod mot fiske av laks og sjøaure i Ryfylkefjordane

Fiske etter laks og sjøaure med stang og handsnøre frå båt og land er lov heile året i Rogaland, unntatt i Ryfylkefjordane frå 1. mars til og med 30. april. Forbodet er innført av omsyn til dei svake bestandane av sjøaure i Ryfylke. Forbodet gjeld i Ryfylkefjordane innanfor ei linje mellom Tungenes og Kårstø, unntatt i Lysefjorden innanfor Lysefjordbrua.

Sjå kart over område omfatta av forbodet mot fiske etter laks og sjøaure i perioden 1.mars til og med 30.april.

Fisketid i fredningssoner

Det er innført fisketid i fredingssonene for fiske etter laks og sjøaure med stang og handsnøre frå land og i båt. Fredningssona er berre ope for fiske etter laks og sjøaure i den tida vassdraget som renn ut i fredningssona er ope for fiske etter sjøaure. Det vil sei at dersom vassdraget er stengt for fiske etter sjøaure i forskrift, er tilhøyrande fredningssone òg stengt for fiske etter sjøaure og laks.

Er det fleire vassdrag som renn ut i ei fredingssone, er det fisketida i vassdraget med strengast regulering av sjøaurefiske som òg gjeld i fredningssona.

I Rogland er det ikkje opna for fiske etter sjøaure i mange vassdrag av omsyn til dei svake bestandane. Dette betyr at alt fiske etter laks og sjøaure er forbode heile året i mange av fredningssonene i fylket (sjå tabell nedanfor).

Det er framleis lov å fiske etter saltvassfisk heile året med stang eller handsnøre frå land og båt utanfor 100 meter frå grensa mellom elv og sjø i desse fredningssonene.


Tabell 1. Oversikt over fisketid for laks og sjøaure i fredningssoner i Rogaland.
 

Fredningssoner i sjø utanfor vassdrag Fisketid i fredningssoner


Svensbøelva, Kvaleelva, Åmselva, Sandeidelvane, Vikedalselva, Saudaelvene, Suldalslågen, Hålandselva, Ulla, Førre, Vormo, Hjelmelandselva, Årdalsvassdraget, Jørpelandselva, Eianeelva, Forsandåna, Espedalselva, Frafjordelva, Dirdalselva, Høleåna, Imsa, Storåna i Sandnes, Orreelva og Hellevikelva

Fiske etter laks og
sjøaure er forbode heile året.


Lyseelva, Figgjoelva, Håelva, Varhaugelvane, Kvassheimselva, Fuglestadelva, Ognaelva, Bjerkreimselva, Hellelandselva, Sokndalselva og Sira
Ope for fiske etter
laks og sjøaure i fisketida for sjøaure i tilhøyrande vassdrag.

 

I dei fredningssonene kor det er ope for fiske etter laks og sjøaure gjeld følgjande reglar for fiske med stang og handsnøre:

Frå grensa mellom elv og sjø og ut til ein avstand på 100 meter er det lov å fiske med stang eller handsnøre etter anadrome laksefisk frå land i den tida det er ope for fiske etter sjøaure i tilhøyrande vassdrag. Her er det òg lov å fiske med stang eller handsnøre etter saltvannsfisk frå land den tida det er ope for fiske i tilhøyrande vassdrag.

Utanfor ein avstand på 100 meter frå grensa mellom elv og sjø til yttergrensa for fredingssona er det lov å fiske med stang eller handsnøre frå land og båt etter anadrome laksefisk i den tida det er ope for fiske etter sjøaure i tilhøyrande vassdrag. Her er det òg lov å fiske med stang eller handsnøre frå land og båt etter saltvannsfisk heile året.