Reetablering av laks i Storåna i Bjerkreim

Storåna i Bjerkreimsvassdraget
Storåna i Bjerkreimsvassdraget

Laksen i Storåna i Ørsdalen forsvann truleg for 100 til 150 år sidan på grunn av forsuring. Etter kalking og forbetra vasskvalitet er det no sett i gang prosjekt for å få laksen tilbake i elva. Bjerkreim elveeigarlag, lokale jeger- og fiskerforeningar, Miljødirektoratet og Fylkesmannen samarbeidar om prosjektet.

Norsk institutt for naturforskning (NINA) har laga eit forslag til plan for reetablering av laks i Storåna (NINA-rapport 954, sjå lenke til høgre). Planane for prosjektet er at reetableringa av laks skal ta utgangspunkt i rognutsetting etter alternativ 2 i NINA sin rapport. Det vil si utsetting av øyerogn i øvre halvdel av Storåna og nedre del er sett av til eventuell naturleg gyting.

Rognutsettinga blir sett ned frå 300 000 rogn til 200 000 rogn per år som er dagens kapasitet i det lokale klekkeriet til Bjerkreim elveeigarlag. Reetableringsprosjektet skal byggje på genetikkbasert kultivering samt at tiltaket skal overvåkast, evaluerast og justerast undervegs. Det vert teken sikte på ei overvakning som omfattar årleg gytefiskregistrering, ungfiskundersøking og innhenting av vevsprøvar frå vill/utsett materiale.

Det er planlagt at det praktiske arbeidet med stamfiske, prøvetaking av stamfisk, innlegg av rogn og utplanting av øyerogn vert gjennomført av Bjerkreim elveeigarlag SA og lokal JFF. Det er Fylkesmannen som er ansvarleg for overvaking og evaluering av tiltaket. Det skal tas vevsprøver av stamfisken som skal sendast til NINA for genetiske testing av opphav før bruk. Det skal gjennomførast gytefisktelling høsten 2014 for å dokumentere om det er vill fisk som gyter naturlig i Storåna, samt for å få utpekt egna lokalitetar for rognplanting. Ungfiskundersøking og innsamling av vevsprøver fra ungfisk vil bli inkludert i pågående prosjekt for nasjonal effektkontroll av kalking i Bjerkreimsvassdraget.