Kraftig soppinfeksjon forårsaka fiskedød i Håelva

Veterinærinstituttet stadfestar kraftig soppinfeksjon på laks frå Håelva. I følge obduksjonsrapporten blei det ikkje påvist andre sjukdomar som kan ha forårsaka fiskedøden.

I slutten av oktober fekk Fylkesmannen melding om at det var funne 134 døde laks i delar av Håelva (ved Fotlandsfossen). Fiskane døydde før gyting med store soppskadar. Fylkesmannen sende prøvar av laksen til Veterinærinstituttet i Bergen for veterinærfagleg undersøking.

Obduksjonsrapport

Veterinærinstituttet har nå analysert fiskane frå Håelva. Resultata frå laboratoriet viser kraftig infeksjon av soppen Saprolegnia parasitica på alle fiskane. I ein av fiskane blei det i tillegg påvist ein mild infeksjon i lever av parasitten Myxidium sp. (slimsporedyr). Myxidium sp. er ein mikroskopisk parasitt som er vanleg på fisk og som ofte vert påvist på stamfisk av laks. Det blei ikkje påvist andre underliggande sjukdomar eller infeksjonar som kan ha forårsaka den omfattande fiskedøden.

Soppinfeksjon på laksefisk

Soppartar av slekta Saprolegnia er ein naturleg del av det akvatiske økosystemet og bidrar til å bryte ned dødt organisk materiale i vassdraga våre. Nokre av desse artane, som Saprolegnia parasitica, kan infisere fisk og rogn. Desse soppartane vil vanlegvis opptre som sekundære patogener på fisk, dvs at dei angrip fisk som allereie er svekka av andre årsakar, eller at dei etablerer seg på sår og skadar på huda oppstått på anna vis. Saprolegnia kan og vere primære patogener og angripa friske individ.

Mengda av infektive soppsporar i elvane er størst om våren og hausten og ein går ut frå at smittepresset i vassdraga er størst i desse periodane. For vaksen laks er dei største problema med Saprolegnia-infeksjon knytt til gyting og gytevandring. Infeksjon på fisk kan ein lett sjå som eit kvitt «belegg» på den mørke huda hos fisk under gytevandring. Kjønnsmoden laksefisk er spesielt mottakeleg for soppinfeksjonar av fleire årsakar: fisken pådrar seg lett skadar i huda under gytevandring og gyting, under kjønnsmodninga gjennomgår fisken fysiologiske endringar som gjer huda meir mottakeleg for infeksjon, fisken sitt immunforsvar er i tillegg svekka på grunn av negativ ernæringsbalanse og generelt høgt stressnivå i denne livsfasen. Stress forårsaka av ytre forhold som temperaturendringar, forureining eller dårleg vasskvalitet kan og bidra til å svekke fisken si motstandskraft mot soppinfeksjonar.

Saprolegnia-infeksjon på gytemoden laks i Håelva. Kraftig infeksjon av soppen kan føra til at fisken døyr på grunn av problem med regulering av veskebalansen i kroppen. Denne fisken døydde truleg før den nådde gyteplassen.

 

Laks frå Håelva med kraftig infeksjon av Saprolegnia parasitica. Soppen er godt synleg som kvitt «belegg» på huda. Fargen på soppen kan også vera gulbrun eller gråsvart då den kan ta opp farga partiklar frå vatnet (f.eks. humus).

Fiskedød i Håelva

Sjølv om det er vanleg at laks og sjøaure døyr av soppinfeksjonar under gytetida i elvane meiner Fylkesmannen at det er uvanleg at konsekvensane av soppinfeksjonar blir så store som det vi vart vitne til i Håelva denne hausten. Obduksjonsrapporten gir ikkje svar på kvifor verknadane vart så store denne hausten, men bidrar til å utelukke ein del andre sjukdomar som underliggande årsak. Vi meiner det er naturleg å anta at den spesielle hausten på Jæren med låg vassføring og høg vasstemperatur i elvane, har auka stressnivå hos fisken, hemma immunforsvaret og gitt gode vekstvilkår for soppen.