Åpning for gjenfangstfiske etter rømt oppdrettsfisk i Ålfjorden

Fylkesmannen i Rogaland åpner for ekstraordinært fiske etter rømt oppdrettslaks og regnbueørret i sjø i Ålfjorden i Vindafjord kommune frå og med 26. februar til og med 31. mars 2016. Det er kun åpna for fiske med settegarn med maskevidde 58 mm eller større. Dei som ønsker å delta i fisket må registrere seg hos Fylkesmannen i Rogaland.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 26.02.2016

Bakgrunnen for vedtaket er at vi har mottatt melding frå Fiskeridirektoratet om ei stor rømming av regnbueørret frå lokaliteten Stualand i Ålfjorden. Den rømte fisken har ein størrelse på om lag 3,7 kg.

Fylkesmannen i Hordaland har gjort eit tilsvarande vedtak for fiske i den delen av Ålfjorden som tilhøyrer Sveio kommune.

Registrering hos Fylkesmannen i Rogaland

Dei som ønsker å delta i fisket innenfor sjøområdet som tilhører Rogaland fylke må registrer seg hos Fylkesmannen i Rogaland. Fiskarar som skal fiske i Hordaland skal registrere seg hos Fylkesmannen i Hordaland.

Sjøtroll Havbruk AS som driv lokaliteten har etablert mottak og dusørordning for gjenfangst av regnbueørret frå rømmingen i Ålfjorden. Mottaksstad er oppdrettslokaliteten Raunevågen, sjå informasjon Mottaksstasjon for rømt fisk – Raunevågen i høgremargen.

Vilkår for gjenfangstfiske

  •  Maskevidde: Settegarn skal ha ei maskevidde på minst 58 mm målt frå knutes til kutes midtpunkt i våt tilstand.
     
  • Periode: 26.februar - 31.mars 2016.
     
  • Nedsenking av garn: Frå og med 1. mars skal settegarn senkast ned slik at heile fangstdelen til e kvar tid står minst 3 m under havoverflata.
     
  • Merking av reiskap: Fiskereiskap skal merkast med navn og adresse på fiskar.
     
  • Sjøørret: All fangst av sjøørret skal settast ut igjen.
     
  • Unntak for fredningssoner og elvemunning: Det er ikkje tillatt å fiske etter laksefisk med faststående reiskap i fredningssoner / forbudssoner utanfor vassdrag. Det er ikkje tillatt å fiske nærmare enn 100 m frå elvemunning (grense elv/sjø) der det ikkje er fastsatt særskilt fredningssone.
     
  • Registrering: Alle som ønsker å fiske etter rømt oppdrettslaks eller regnbueørret med settegarn, skal registrere seg hos Fylkesmannen før fisket tar til. Navn, adresse og telefonnummer skal sendast til Fylkesmannen i Rogaland per brev eller e-post. Kontaktperson for registrering: Stig Sandring, tlf 51 56 89 31 eller e-post fmrossa@fylkesmannen.no og fmroabj@fylkesmannen.no.
     
  • Oppgaveplikt: Fangsten skal rapporterast til Fylkesmannen i Rogaland. Rapporten skal innehalde opplysningar om antall og vekt av henholdsvis regnbueørret og laks samt reiskapstype og dato. Eventuell bifangst av sjøørret skal også rapporterast. Opplysningene kan sendes per brev, e-post eller telefon. Rapporteringsfrist er 15. april.

Sjå vedtak og meir informasjon i dokumenta i høgremargen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.