Fiskeforvaltning

Fylkesmannen har ansvar for forvaltninga av laks og sjøaure, sårbare bestandar av innlandsfisk og fisk i regulerte vatn.

Fylkesmannen samlar inn fangststatistikk frå lakse- og sjøaurefisket, registrerer deltaking i sjølaksefisket og deler ut tilskot frå det statlege fiskefondet. Overvaking er viktig for å kunne ta vare på og styrkje fiskebestandane. Fylkesmannen har tett kontakt med grunneigarar og jakt- og fiskelag, og samarbeider tett med politiet, Statens naturoppsyn og Kystvakta om oppsyn med fiskeressursane.

Miljødirektoratet har ansvar for fiskereguleringar i elv og sjø og utarbeider forskrifter for fiske av laks og sjøaure.

Fylkeskommunen har ansvar for innlandsfisk av ikkje-trua bestandar i vatn som ikkje er regulerte. Fylkeskommunen har også ansvar for tildeling av fiskeoppdrettskonsesjonar.

Vis meir


02.12.2014

Tilskotsordningar i 2015 kalking og anadrome laksefisk

Ordningane omfattar områda naturforvaltning, friluftsliv, kulturminnevern og forureining. Alle søknadar skal sendast gjennom elektronisk søknadssenter i Miljødirektoratet. Søknadsfristen er 15. januar 2015 for dei fleste tilskotsordningane.

14.07.2014

Fritidsfiske i sjøen

Mange skal ut å prøve fiskelykka i sommar. Reglane for minstemål sikrar at umoden fisk ikkje vert fiska slik at den naturlege produksjonen vert teken vare på og fiske blir berekraftig. Sjekk sjølv om du kan reglane og les meir om fritidsfiske på Miljøstatus.no.

14.07.2014

Reetablering av laks i Storåna i Bjerkreim

Laksen i Storåna i Ørsdalen forsvann truleg for 100 til 150 år sidan på grunn av forsuring. Etter kalking og forbetra vasskvalitet er det no sett i gang prosjekt for å få laksen tilbake i elva. Bjerkreim elveeigarlag, lokale jeger- og fiskerforeningar, Miljødirektoratet og Fylkesmannen samarbeidar om prosjektet.

07.10.2013

Fiskeundersøkingar i Rogaland 2012

Både i vassdraga langs Jærkysten og i Ryfylke vart registrert mykje lakseyngel. I begge områda var det lite aureyngel. I 2012 vart også gjennomført prøvefiske og vannkvalitetsundersøkingar i kalka og ukalka vatn. pH-prosjektet syner stor betring i høve til 1980-åra, men små endringar frå 2007.

11.07.2013

Fisketider i sjø og vassdrag i Rogaland

Dei oppgitt fisketidene er frå og med første dag kl 00.00 til og med siste dag kl 24.00