Avfallsanlegg kan lagre meir - melding må sendast Fylkesmannen

For å unngå at avfall hopar seg opp som følge av koronasituasjonen får avfallsanlegg midlertidig løyve til å ta imot og mellomlagra meir avfall.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 03.04.2020

Sjukdom, karantene, smitteverntiltak og moglege konkursar som følge av utbrotet av koronaviruset kan føre til svikt og redusert kapasitet i transportleddet og på avfallsanlegg som skal ta imot og handtere avfallet i Norge og andre land. Dette kan føre til at avfall hopar seg opp i ulike delar av verdikjeda.

Derfor har Miljødirektoratet fastsett to midlertidige forskrifter som gjer at aktørane kan auke mottaket og mellomlagringa av ordinært avfall og farleg avfall. Dette gjeld verksemder som allereie har løyve til mottak og mellomlagring frå Fylkesmannen. Unntaka gjelder for ei avgrensa periode og skal berre tas i bruk dersom det er nødvendig som følge av koronapandemien.

Orientering til Fylkesmannen på førehand

For å sikre ei forsvarleg handtering av avfallet må det gjerast ei tilstrekkeleg risikovurdering i forkant før ein kan auka lagringsmengda. Anlegg som aukar lagringsmengda må først orientere Fylkesmannen ved å sende ein e-post til fmropost@fylkesmannen.no

Se mer informasjon om endringene under mellomlagring av avfall på Miljødirektoratets koronasider.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.