Kveldsseminar om miljøgifter i kvardagen

Velkomen til gratis seminar "Er det farlig?" onsdag 2. november kl 18 - 21 i Spor 5 i Jernbanebygget, Stavanger. Du vil møte fagpersonar som fortel kva miljøgifter er, kor desse finnes, kva dei gjer med miljø og menneske og kva vi kan gjere for å beskytte oss.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.10.2016

Frå programmet:

  • Velkomen - Bjørg Tysdal Moe, varaordførar i Stavanger
  • Giftfri kvardag – eit Stavanger-initiativ ved Gabrielle Brennhaugen
  • Miljøgifter – kva gjer dei med miljø og menneske, Per-Erik Schultze, Naturvernforbundet
  • Kva gjer styresmaktene for å stoppe miljøgiftene? Ingunn Correll Myhre, Miljødirektoratet
  • Svanen og andre miljømerke, Tormod Lien, Stiftelsen Miljømerking
  • Korleis sikre forbrukarane ein giftfri kvardag, Gunstein Instefjord, Forbrukerrådet

Programleiar for kvelden er Per A. Thorbjørnsen, Venstre-politikar og leiar av Kommunalstyret for miljø og utbygging i Stavanger kommune.

Sjå heile programmet i høgremenyen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.