Viktige endringar i regelverket – tidlegpensjon for jordbrukarar

Det har skjedd fleire sentrale endringar i regelverket. Mellom anna kan bønder no få utbetalt tidlegpensjon samtidig med at dei får uføretrygd, arbeidsavklaringspengar, gjenlevendepensjon, dagpengar eller avtalefesta pensjon frå NAV.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 11.01.2019

Fylkesmannen behandlar søknadar om tidlegpensjon

Frå og med 2019 skal ikkje søkarar om tidlegpensjon for jordbrukarar lenger levere søknaden til kommunen, men sende den direkte til Fylkesmannen i Rogaland med nødvendig dokumentasjon. Kommunen har ikkje lenger ei formell rolle i saksbehandlinga.

Månadleg utbetaling

Frå og med februar 2019 blir tidlegpensjon utbetalt kvar månad, og ikkje lenger kvartalsvis. Tidlegpensjonistane vil få elektroniske meldingar om utbetaling.

Alle som har eller får tidlegpensjon i 2019 vil få utbetalt same beløp kvar månad, basert på 100 000 kroner årleg til enbrukarar (når det er berre ein person som søkjer pensjon på grunnlag av gardsdrifta), og 160 000 kroner årleg til par som er tobrukarar (Når det er to personar, ektefelle eller samboar, som søkjer pensjon). Ektefelle/samboar kan ikkje lenger velje forlenga utbetalingstid.

Kan få tidlegpensjon samtidig med ytingar frå NAV

Frå 2019 blir det utbetalt tidlegpensjon sjølv om ein også får uføretrygd, arbeidsavklaringspengar, gjenlevendepensjon, dagpengar eller avtalefestet pensjon.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.