Søknad om produksjonstilskot 2018 og utfordringane med tørken

På grunn av dei alvorlege konsekvensane av den langvarige tørka, har Landbruks- og matdepartementet kome med presiseringar om korleis regelverket skal praktiserast når det gjeld arealtilskot og tilskot til dyr på beite. Mellom anna er det gitt ein generell dispensasjon frå kravet om at at hovuddelen av grovfôrinntaket til dyra skal skje ved beiting.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 02.08.2018

I møte 23. juli 2018 mellom statsråd Jon Georg Dale og organisasjonane i jordbruket blei dei einige om fleire tiltak for å avhjelpe konsekvensane av tørka og avlingssvikten i 2018. Ein del av tiltaka gjeld ordninga med produksjonstilskot.

Dispensasjon ved søknad om tilskot til dyr på beite

Normalt er det eit krav at hovuddelen av det daglege grovfôrinntaket til dyra skal skje ved beiting. Det er no gitt ein generell dispensasjon frå dette kravet. Det inneber at det ikkje er nødvendig for det enkelte føretak å søkje om dispensasjon. Det betyr at ein kan søkje om tilskot til dyr på beite sjølv om dyra har fått meir enn halvparten av grovfôret tilkjørt. Det er framleis krav om at dyra må ha gått minst 16 veker på beite i sone 1-4 og minst 12 veker i sone 5-7, og dyra må gå på beiteområde som under normale tilhøve ville gitt tilfredsstillande beitemoglegheiter.

Denne dispensasjonen gjeld ikkje for dyr som går på utmarksbeite. Her er det framleis krav om at hovuddelen av det daglege grovfôrinntaket skal skje ved beiting.

Arealtilskot

Den langvarige tørkeperioden i år har gjort at det no blir opna for tilpassingar i korleis regelverket skal tolkast. Det er eit krav i forskrifta om "vanlig jordbruksproduksjon", og det vil seie at om føretaka gjer det ein kan forvente i løpet av vekstsesongen, så kan dei få tilskot for veksten dei har sådd sjølv om avlinga er øydelagt av tørke. Det er ikkje nødvendig å søkje om dispensasjon.

Dersom det er fleire som har drive det same arealet i vekstsesongen, så er det det føretaket som disponerte arealet 1. august som kan søkje om produksjonstilskot for arealet, som tidlegare år.

Dersom det er sådd i ny kultur for hausting denne sesongen, så kan føreaket sjølv velje kva for ein kultur de vil søkje tilskot for. Til dømes der kornavlinga er øydelagt av tørka og det blir sådd i ny vekst, så kan ein velje om ein søkjer om arealtilskot for korn eller eventuelt den andre veksten.

Dei som har hatt korn, og som har valt å ensilere kornavlinga til grovfôr, kan likevel søkje og få arealtilskot for korn.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.