Hugs å søka om produksjons- og avløysartilskot innan 15. oktober!

Frå og med måndag 1. oktober kan du søka om produksjons- og avløysartilskot for 2018 – del 2. Søknadsfrist er 15. oktober.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 28.09.2018

Del 2 av søknad om produksjons- og avløysartilskot kan registrerast frå og med 1. oktober. Denne datoen er òg teljedatoen. Søknaden må registrerast innan 15. oktober. Det er ikkje mogleg å levera søknad etter denne datoen. Hugs å sjekke at du får ei kvittering for at du har levert søknaden. Då er du heilt sikker på at søknaden er registrert.

Har du lagt inn søknad innan fristen 15. oktober, kan du endra opplysningane i søknaden fram til 29. oktober.

Landbruksdirektoratet sine nettsider kan du lesa meir om kva slags tilskot du kan søka på no i oktober. Her finn du òg rettleiar for utfylling av søknaden, og informasjon om kva slags opplysningar som kan etterregistrerast.

Ta kontakt med landbruksforvaltinga i kommunen dersom du lurer på noko!

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.