Utbetaling av produksjonstilskot og tilskot frå regionalt miljøprogram

Produksjonstilskot for søknadsomgangen i august 2016 blir utbetalt frå Landbruksdirektoratet onsdag 1. februar. Dei fleste vil ha pengane på sin konto innan fredag 3. februar. Tilskot frå regionalt miljøprogram (RMP) blir utbetalt 22. februar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 30.01.2017

Tilskotbrevet finn du elektronisk i meldingsboksen din i Altinn. Du vil få varsel om vedtaket på mobil eller e-post. Klagefristen er 3 veker frå tilskotsbrevet er motteke i Altinn. Dersom du lurer på korleis du finn tilskotsbrevet ditt, kan du lese skriftleg rettleiing i høgre marg, eller sjå på denne videoen.

Dersom tilskotet ikkje er utbetalt, eller har blitt avkorta o.l. vil det kome meir informasjon om dette pr. brev frå kommunen. Ta kontakt med landbruksforvaltninga i din kommune viss du har spørsmål om utbetalinga.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar