Søk om produksjonstilskot innan 15. mai

No kan du som er bonde søkje om produksjonstilskot for 2017 i nytt system. Hugs at det er dyr på teljedato 1. mai som skal registrerast.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 27.04.2017

Du kan søkje om husdyrtilskot, tilskot til økologisk husdyrproduksjon, driftstilskot til mjølkeproduksjon og driftstilskot til spesialisert kjøtfeprodukjon. Du kan også registrere dyr som gir grunnlag for avløysartilskot, og tilskot til grovfôrareal.

Søknadsfristen er 15. mai. Det ikkje lenger mogleg å levere søknad søknad seint og få eit trekk. Ettersom regelen er ny, vil det i år vere mogleg å levere søknaden heilt fram til 29. mai. Etter 29. mai er det ikkje mogleg å sende inn søknad.

Du kan endre opplysningane i ein innsend søknad innan 14 dagar etter søknadsfristen

Dersom du har levert søknaden innan fristen, har du også moglegheit til å endre opplysningane i søknaden i 14 dagar etter at søknadsfristen har gått ut, utan å få trekk. I 2017 betyr dette at du kan endre søknadsopplysningane fram til 29. mai.

Søknaden må leverast elektronisk

Det er ikkje lenger mogleg å søkje om produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie og fritid på papir. Sjå vår tidlegare artikkel om dette.

Kontroll av opplysningane

Nytt frå og med denne søknadsomgangen er at einskilde opplysningar i søknaden blir kontrollert før du sender inn søknaden. Du vil derfor kunne få beskjed om du til dømes ikkje har mjølkekvote på teljedato. Nokre meldingar betyr at du ikkje kan sende inn søknaden før feilen er retta opp i. Desse meldingane er merka med raud skrift. Andre meldingar stopper deg ikkje frå å sende inn søknaden, men desse må kommunen undersøkje meir under deira saksbehandling. Desse meldingane er merka med oransje og blå skrift i søknaden.

For å kunne kontrollere opplysningane kan du trykke på knappen «kontroller» under fanen «oppsummering og send». Kontrollane blir òg gjort når du trykker «send inn».

Lagre søknaden undervegs

Hugs å lagre søknaden undervegs. Når du har lagra søknaden kan saksbehandlar i kommunen sjå søknaden slik den ser ut for deg. Dermed er det enklare å få hjelp frå kommunen ved innleveringa viss du ønskjer det

Informasjon om regelverk og tilskotsordningane

Du må kjenne til regelverket, og du har ansvar for at søknaden er rett utfylt og levert i rett tid. På Landbruksdirektoratet si nettside finn du informasjonskjelder som kan vere nyttige for deg som søkjer:

  • Rettleiar for utfylling av søknad om produksjonstilskot
  • Nettsida om det nye søknadssystemet for produksjonstilskot
  • Jordbruksavtalen
  • Forskrift om produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket
  • Rundskriv 2017-10
  • Informasjonsskrivet

Det er kommunen som handsamar alle søknadar. Ta derfor kontakt med kommunen din om du har spørsmål.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.