Mest tilskot til innmarksbeiting i Rogaland

I den nye jordbruksmeldinga er det ønskje å stimulere til meir bruk av utmark. Her finn du informasjon om kor mykje bøndene i Rogaland henter i utmarksbeitetilskot kontra generelt beitetilskot.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 24.01.2017

I den nye jordbruksmeldinga (Meld. St. 11) kjem det fram at regjeringa ønskjer at beiteressursane skal bli utnytte betre, og då med særleg vekt på bruk av utmark. Det blir òg vurdert ulike modellar for å forenkle beitetilskotet. Tal frå søknader om produksjonstilskot for året 2015 viser at det blei gitt om lag 68 mill. kr til beitetilskot i Rogaland. Tilskot til utmarksbeite i same periode i Rogaland var om lag 47 mill. kr.

 

Viser prosentvis fordeling av tilskot til dyr på beite og tilskot til dyr på utmarksbeite

 

I Rogaland er mykje av jordbruksarealet innmarksbeite. Av totalt jordbruksareal på nesten 1 mill. dekar er nesten 50 % innmarksbeite. Innmarksbeita er først og fremst ein stor fôrressurs og dette produksjonslandskapet gir våre flotte kulturlandskap. Vidare er òg beitinga viktig for å sikre det biologiske mangfaldet.

Diagrammet viser kor mykje av jordbruksarealet som er innmarksbeite i dei enkelte kommunane i Rogaland. (tal henta frå landbruksregisteret, 2015)

 Diagrammet viser kor mykje av jordbruksarealet som er innmarksbeite i dei enkelte kommunane i Rogaland. (tal henta frå landbruksregisteret, 2015)

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Fakta om beitetilskot

Det generelle beitetilskot blir gitt per dyr som har beita i minimum tal veker (12-16) i løpet av ein sesong. Tida dyra er på utmarksbeite tel med.

Tilskot til utmarksbeiting blir gitt til dyr som har beita minst 5 veker på utmarksbeite.

Det blir i tillegg gitt tilskot per dekar innmarksbeite. Innmarksbeite blir definert som areal som kan nyttast som beite, men som ikkje kan haustast maskinelt. Minst 50 % av arealet skal vere dekka av kulturgrasarter eller beitetålande urter.