Manglande dyrevelferd gir trekk i tilskot

I kjølvatnet av Mattilsynet sitt tilsynsprosjekt for slaktegris i Rogaland har det blitt stor merksemd rundt dyrevelferd. Tilsynsrapporten avdekte behov for oppfølging frå styresmaktene. Rogaland har 30 prosent av all svineproduksjon i Noreg. Det kan forklare noko av omfanget av dyrevelferdssakene, men forsvarar det ikkje.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 01.03.2018

Landbruksforvaltninga i Rogaland har i lang tid hatt dialog med Mattilsynet og sett på korleis brot på dyrevelferdsregelverket skal handterast ved utmåling av produksjonstilskot i jordbruket.

34 føretak har fått avkorta produksjonstilskotet i 2017

Vi ser no at det kjem fleire saker der det blir avkorta i tilskotsutbetalinga, grunna brot på dyrevelferdsregelverket. I alvorlege tilfelle kan heile tilskotet bli avkorta, og det får store konsekvensar for produsenten. Dei høgaste avkortingane gjeld produsentar med alvorlege og omfattande brot på dyrevelferdsregelverket.

Etter søknadene om produksjonstilskot og avløysartilskot i 2017 er det førebels gjort avkorting i utbetalinga til 34 føretak. I sum utgjer avkortingane 3,11 millionar kroner, og høgaste enkeltavkortinga var om lag 520 000 kr. Sakene omfattar alle husdyrslag.

Fylkesmannen ser alvorleg på dei sakene der det er konstatert alvorlege og omfattande brot. Vi følgjer opp, og ser til at kommunane i tilstrekkeleg grad avkortar i tilskotsutbetalinga. Der kommunane ikkje avkortar, eller der avkortinga ikkje står i rimeleg forhold til alvoret i brotet, har Fylkesmannen gjort om kommunane sine vedtak.

Brot på dyrevelferdsregelverket for sau

Vi ser elles at det er fleire saker der Mattilsynet finn brot på dyrevelferdsreglane knytt til sau. Fylkesmannen har i fleire av desse tilfella kome fram til at driftsopplegget ikkje er å rekne som vanleg jordbruksproduksjon. Konsekvensen er at føretaka ikkje har fått husdyrtilskot til sauen, og har fått redusert avløysartilskotet.

Målet er å førebygge dårleg dyrevelferd

Vår erfaring er at god dialog mellom Mattilsynet og landbruksforvaltninga kan bidra til større merksemd rundt dyrevelferd. Poenget er ikkje å avkorta mest mogleg, men å bruke dette verktøyet på ein god måte slik at ulovleg dyrehald ikkje blir støtta. Dette gir også hjelp til Mattilsynet i dei sakene der dyreeigar ikkje vil rette seg etter gjeldande regelverk. Godt samarbeid vil førebygge dårleg dyrevelferd.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.