Hugs å søkje om produksjonstilskot innan 15. mars!

Søknadsfristen for del 1 av søknaden er 15. mars, med teljedato 1. mars. Fristen er absolutt, det er ikkje mogleg å levere søknad etter fristen.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 14.03.2018

Har du levert søknaden innan fristen, kan du gå inn og endre opplysningar i søknaden innan 29. mars.

Dette kan du søkje på i del 1 av søknaden

  • Husdyrtilskot (unntatt bikuber)
  • Tilskot til økologisk husdyrproduksjon
  • Driftstilskot til mjølkeproduksjon
  • Driftstilskot til spesialisert kjøttfeproduksjon

Du må også registrere dyr som gir grunnlag for tilskot til avløysing ved ferie og fritid og tilskot til grovfôrareal. Desse to tilskota søkjer du om i del 2 av søknaden, men du må å ha registrert i søknaden dei dyra du disponerer per 1. mars for at desse skal takast med i tilskotsgrunnlaget for dei to ordningane.

Det er dyra du disponerer 1. mars som kan førast opp i søknaden

Mange fører opp feil dyretal når det gjeld sau. Du kan søkje på sau født føregåande år eller tidlegare, og som føretaket disponerar. Dvs. at du også kan søkje husdyrtilskot for fjorårslamma, dei som blei født i 2017. Desse skal førast opp i søknaden saman med dei vaksne sauene.

Søknadsfristen er absolutt

Det er ikkje lenger mogleg å levere søknad etter søknadsfristen. Dersom du ikkje har søkt innan fristen, vil du ikkje få tilskot. Søknaden må leverast elektronisk, og skal sendast via Altinn.

Er det noko du lurer på i samband med søknaden, ta kontakt med landbruksforvaltninga i kommunen.

Du finn meir informasjon om ordninga med produksjonstilskot på nettsidene til Landbruksdirektoratet.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.