Bønder får medhald i klage over avslag på produksjonstilskot

Fylkesmannen tek klaga til følgje i to saker der kommunen avslo tilskotssøknadane. Kommunen avslo søknadane fordi dei meiner at føretaka ikkje driv vanleg jordbruksproduksjon sidan dei ikkje eig eller leigar jord i tråd med vilkåra for å oppfylle driveplikta ved bortleige.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 24.08.2016

Kva betyr det at føretaket må driva «vanlig jordbruksproduksjon»?

For å ha rett på produksjonstilskot, er det eit vilkår at søkjar driv «vanlig jordbruksproduksjon». Det betyr at produksjonen må ha eit næringsmesseg preg. Grunnvilkåret skal sikre at tilskotet går til aktive bønder, og ikkje til dei som driv reine hobbyproduksjonar eller til dei som driv for ekstensivt. Produksjonen må ha eit visst omfang, og skal oppfylle standardar knytt til god agronomisk praksis og godt husdyrhald. Det er kommunen som vurderer om produksjonen er innanfor "vanleg jordbruksproduksjon". Her må dei operere med tryggingsmon. Det er ikkje grunnlag for å avslå tilskot ut frå eit kvart avvik frå kva som reknast som vanleg.

Kvifor tek Fylkesmannen klaga til følgje?

Kommunen avslo søknadane fordi søkjarane ikkje hadde 10-årig leigeavtale på areala, og fordi leigetakarane ikkje eig eigne landbrukseigedomar. Dei begrunna avslaget med at søkjarane ikkje oppfylte krava til vanleg jordbruksproduksjon. Etter jordlova skal leigeavtalar vere på minst 10 år, og leigetakar skal eige eigen landbrukseigedom. Kommunen meinte at så lenge vilkåra for driveplikt etter jordlova ikkje er oppfylt, så skal ikkje leigetakar ha tilskot. 

Fylkesmannen kan ikkje sjå at det er grunnlag for å avslå søknadane med bakgrunn i dette. Tilskot skal gå til det føretaket som driv jordbruksareala og/eller disponerer dyra på ein landbrukseigedom. Det er ikkje noko krav i regelverket om produksjonstilskot at ein må eige areal og/eller eigedom for å kunne få tilskot. Dersom vilkåra for å oppfylle driveplikta ved bortleige ikkje blir oppfylt, må kommunen rette sanksjonar mot eigar. Det er eigar som har plikt til å oppfylle driveplikta i jordlova. Fylkesmannen tek difor klaga til følgje, og stadfester at eigar/leigetilhøva i desse sakene ikkje gir grunnlag for å seie at føretaka ikkje driv vanleg jordbruksproduksjon.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.