Nye kostnadsgrenser for skogkulturtiltak

Granplantefelt i Vindafjord.
Granplantefelt i Vindafjord. (Foto: Robijne Verstegen / Fylkesmannen i Rogaland)

Fylkesmannen har i samarbeid med næringsaktørane og kommunane utarbeidd nye maksimalsatsar og rettleiande kostnadsgrenser for skogkulturtiltak i Rogaland. Kostnadsgrenser for produksjon av juletre og pyntegrønt er inkludert.

Bakgrunnen for å utarbeide maksimalsatsar og rettleiande kostnadsgrenser for skogkulturtiltak er å gi ein god peikepinn på kva som er skogfagleg akseptable kostnadsrammer for dei ulike skogkulturtiltaka, og sikre mest mogleg lik praktisering mellom kommunane.  I tillegg håper vi dette kan bidra til større bevisstgjering på rett kostnadsnivå for å sikre ein effektiv og optimal utnytting av dei økonomiske virkemidla – både tilskot og skogfond i skogbruket i Rogaland.

Kommunen har i dag ansvaret for å godkjenne alle kostnader til skogkulturtiltak med anten tilskot, eller bruk av skogfond. Det betyr i praksis at kommunen skal vurdera om tiltaka er skogfagleg og økonomisk forsvarlege. Generelt gjeld at alt skogkulturarbeid til ei kvar tid skal utførast kostnadseffektivt.

Vedlagt finn du dei nye maksimalsatsane og kostnadsgrensene for skogkulturtiltak inkludert juletre og pyntegrønt.