Planting for klima – evalueringa av tiltaket ferdig

Fylkesmiljøvernsjef May Britt Jensen under opninga av prosjektet
Fylkesmiljøvernsjef May Britt Jensen under opninga av prosjektet "Planting for klima" (Foto: Ingeborg Anker Rasch / Fylkesmannen i Rogaland)

– Skogplanting er eit godt klimatiltak, stadfestar sluttrapporten og evaluering av pilotprosjektet «Planting av skog på nye areal 2015-2018». I tillegg kjem det fram at tiltaket har god næringseffekt.

Det er Miljødirektoratet og Landbruksdirektoratet som står bak den ferske rapporten M-1161/2019 «Pilotfase for planting av skog på nye areal som klimatiltak». Rogaland, Trøndelag og Nordland har deltatt i det treårige pilotprosjektet som starta i 2015, og blei sluttført hausten 2018.

I desse tre fylka er det blitt planta vel 6000 dekar. Klimaeffekten er estimert til om lag 700 000 tonn CO2 i løpet av omløpstida på 85 år. Naturleg attgroing ville gitt vesentleg lågare karbonopptak, om lag 250 000 tonn CO2 viser rapporten. I klimagevinsten er ikkje dei positive substitusjonseffektane ved bruk av treet inkludert.

Pilotfasen har vist at planting av skog på nye areal er eit kostnadseffektivt klimatiltak samanlikna med andre klimatiltak, sjølv om kostnaden er noko høgare enn først estimert.

Evalueringa har vist at endringar i kriteria som var lagt til grunn for planting på nye areal, tek vare på naturmangfaldet samstundes som tiltaket gir god klimaeffekt og eit godt grunnlag for framtidig næringsverksemd for skogeigarane.

I arbeidet med evalueringa av pilotprosjektet er det henta inn fleire eksterne rapportar som grunnlag for vurderingane, samt innspel frå direktorata om korleis tiltaket kan oppskalerast.

På heimesida til Landbruksdirektoratet finn du evalueringsrapporten og meir informasjon.