Inntil 400 000 kr ekstra i tilskot til landbruksbygg i tre

Mjølkekyr i lausdriftsfjøs bygd i tre
Mjølkekyr i lausdriftsfjøs bygd i tre (Foto: Daniel Breivik / Fylkesmannen i Rogaland)

Landbruksdepartementet gjorde endringar i forskrift i samband med innføring av ekstra tilskot til trebygg frå 01.01.2020. Dette blei avtalt i jordbruksoppgjeret i 2019.

Endring i forskrift 19. desember 2014 nr. 1816 om midlar til investering og bedriftsutvikling i landbruket blei gjort 20.12.2019, sjå LMD si nettsak. Ved utmåling av tilskot skal det takast omsyn til graden av trebruk i prosjektet.

Bygg i tre er smart

Tre som byggemateriale har fleire positive sider, eksempelvis når det gjeld dyremiljø. Og det er eit særs godt klimatiltak, og dette er hovudgrunnen til at det i 2020 blir gitt ekstra tilskot til trebygg. Du finn meir informasjon om kvifor bygge i tre i eiga nettsak. Og du kan elles ta kontakt med Daniel Breivik om du har spørsmål til dette med trefjøs.

Prioritering av investeringsmidlar i 2020

Som resultat av regionreforma er det nå Rogaland fylkeskommune som har i oppgåve å utforme oppdragbrevet for dei bedriftsretta investeringsmidlane (IBU). Det var semje i eit møte i partnarskapet 19. november 2019 om at oppdraget vil følgje hovudtrekka i prioriteringa for 2019. Det er avtalt nytt møte den 30. januar for å konkludere når det gjeld prioritering.

Ikkje vent med å søkje om støtte

Det er alltid konkurranse om investeringsmidlane i Rogaland, så ikkje vent med å søkje om du er innafor dei prioriterte satsingane. Og det gjeld særleg om du tenkjer å bygge i tre.

 

Kontaktpersonar