Gris fóra opp på gran ein realitet

Noreg vekker internasjonal interesse for sitt arbeid med produsere dyrefór basert på norske skogressursar. 48 grisar på Norges miljø- og biovitenskapelige universitet NMBU har vokse opp på pellets frå norsk grantømmer. Professor Margareth Øverland frå Vindafjord er sentral i arbeidet med å utvikle den nye dyrematen.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.11.2018

Konseptet

Det er no ein realitet at grisen klarer seg svært godt med mindre «fint trevirke». Alt tyde på at grisen liker den nye maten svært godt. Det nye dyrefóret er eit helt nytt konsept/produkt, der trevirke blir gjort om til gjær. Gjær frå tømmer er rik på protein av høg kvalitet. Gjennom ein tørkeprosess blir dette til gjærmel og vidare til pellets. Gjennom prosjektet «Foods of Norway» arbeidast det no for å få den nye dyrematen ut frå laboratorium og ut i marknaden.

Andre forsøk

Det skjer også liknande forsøk andre plassar i landet, m.a på Elverum gjennom storfeprosjektet til Glommen Technology. Her blir det forska på å ta ut sukkeret frå trevirke til ein sirup som kan brukast i kraftfór til drøvtyggarar.    

Gode framtidsutsikter - bra for miljø og verdiskaping

Kortreist dyrefór basert på norske skogressursar er spanande. For sjølvforsyning, miljø og verdiskaping, vil eit gjennomslag for å ta det nye dyrefóret i bruk i større skala gi positive gevinstar og arbeidsplassar. I ein situasjon der vi eksporterer store mengder tømmer ut av landet og andre tek foredlingsgevinsten, vil dette kunne bli eit viktig bidrag i overgangen til det grøne skifte/bioøkonomien alle snakkar om.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.