Blir det felles skog- og viltforvaltning i Sør-Rogaland?

Skogen i Rogaland er ein viktig ressurs, både økonomisk og klimamessig. No ser kommunane i Sør-Rogaland på moglegheita for å samarbeide om skog- og viltforvaltninga for å sikre at potensialet i skogressursen blir fullt utnytta gjennom grøn verdiskaping.

Skogen i Rogaland med nøkkelrolle

Som førstelinje i den offentlege skogbruksforvaltninga har kommunane ei sentral rolle i ein berekraftig forvaltning av skogen. 12 kommunar i Sør-Rogaland ser no på moglegheita for å samarbeide om skog- og viltforvaltninga ved å samle fagkompetanse og ressursar. Kommunane visar med dette ei framoverlent haldning og stor vilje til omstilling for å kunne levere best mogleg på viktige oppgåver.

Nasjonal skogpolitikken har klare tilrådingar om auka verdiskaping innanfor heile skogsektoren, og tek mål av seg til å 4-dobla verdiskapinga frå skogbruket innan 2040. I tillegg er skogen ein del av løysinga på klimautfordringane, og jamfør tilrådingar frå FN sitt klimapanel satsar Noreg på skogen som verkemiddel for å nå togradersmålet nedfelt i Parisavtalen.

Skogen i Rogaland har svært gode vekstforhold, og den gjennomsnittlege produksjonsevnen i Rogaland er dobbelt så stor som i dei tradisjonelle skogstrøka på Østlandet. Rogaland speler dermed ein ikkje ubetydeleg rolle i å nå dei nasjonale måla om auka verdiskaping basert på skogressursen og klimamåla i Parisavtalen.

I førarsetet

Kommunane sit med ansvaret for å gjennomføre store delar av den nasjonale skogpolitikken, og er sentrale i satsinga på skogen som økonomisk og berekraftig ressurs. Oppgåvene krev brei skogkompetanse uavhengig av størrelsen på kommunen, men likevel har den kommunale skogforvaltinga blitt bygd ned over tid. I mange kommunar i Rogaland er forvaltinga no prega av små stillingsprosentar, gjerne fordelt på personar som må kombinere dette med andre oppgåver.

Både kommunane og Fylkesmannen har følgd denne utviklinga og landbruksdirektøren i Rogaland kalte difor kommunane i Sør-Rogaland inn til eit dialogmøte i mars 2018. Det blei nedsatt ei arbeidsgruppe som har utarbeidd to rapportar og gjennomført ein anbodsrunde for kommunane. Gruppa tilrår no ei løysing med fire årsverk fordelt på to kontorstader med Sandnes som administrativ vertskommune. Sandnes og Eigersund kommune er føreslått som kontorstader.

Framoverlente kommunar

Alle involverte kommunar er informert om anbefalingane og er oppfordra til å behandle forslaget politisk innan 1. oktober 2020. Vidare er det opp til vertskommunen å lage ein plan for å implementere den nye ordninga i samråd med dei øvrige kommunane i samarbeidet. Involverte kommunar er Bjerkreim, Eigersund, Gjesdal, Hå, Klepp, Kvitsøy, Lund, Randaberg, Sandnes, Sokndal, Sola, Time.

Nokon gonger kan fleire kommunar i saman få til meir enn summen av kva den enkelte kommune klarar for seg sjølv. Eit samarbeid på tvers av kommunegrensene vil sørge for at kompetanse og ressursar blir samla i eit fagmiljø som kan spele på kvarandre og saman handtere dei mange og varierte oppgåvene som ligg til skog- og viltforvaltninga.