Ekstraordinært tilskot til vårplanting

Foto: Statsforvaltaren i Rogaland.

Tilskotet er på 1,3 kr per plante og gjeld for all vårplanting i skogbruket, inkludert juletre. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 24.04.2020

Tilskotet kjem som følge av utbruddet av korona. Landbruksdirektoratet skriv i utlysningsbrevet at «Som følge av smitteverntiltak som er innført for å begrense utbredelsen av korona har det oppstått en situasjon der vårplanting i skogen vanskelig lar seg gjennomføre uten betydelige merkostnader.»

Andelslag og andre større næringsaktørar som utfører planting på vegne av skogeigarar kan søke tilskot frå Landbruksdirektoratet innan 30. april 2020. Tilskotet går då direkte til desse aktørane.

Skogeigarar som gjennomfører plantinga sjølv er også tilskotsberettiga. Dei søker til kommunen og utbetalinga skjer gjennom NMSK-systemet. Tilskotet kjem på toppen av ordinært plantetilskot. Fristen for skogeigarar å søke er sett til 1. september 2020.

Det ekstraordinære tilskotet er dekka inn gjennom omdisponeringar av midler til skogbruket over Landbrukets utviklingsfond (LUF).

Det vil kome meir detaljert informasjon om finansiering, forvaltninga av tilskotet og korleis dette skal handterast av blant anna kommunane. Landbruksdirektoratet har oppretta ei eiga side om tilskotet som blir oppdatert fortløpande.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.