Eig du skog? Få ein fagleg boost om forvalting av skogen din

Foto: Statsforvaltaren i Rogaland.

Kva skal til for å få best mogleg skogproduksjon, klimagevinst og økonomi på skogeigedomen? Fire korte kveldswebinarer gir deg som skogeigar fagleg påfyll dei neste månedane.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 06.01.2021

Rogaland er eit fylke med stort potensiale for skogbruk og generelt gode moglegheiter for høg skogproduksjon. Det er mange grep ein skogeigar kan gjere for å oppnå ein økonomisk og berekraftig skogforvalting på sin eigedom, men kvar bør ein starte?

Me ynskjer å invitera skogeigarar til å delta på fire korte kveldswebinarer med eit grunnleggande skogtema for kvart webinar. Serien er planlagt med innspel frå kommunane i Rogaland og blir arrangert i samarbeid med Skogkurs og AT skog.

Program

Dato Klokkeslett Tema Status
Tors. 28. januar 19:00 – 20:30 Kva er skogfond? Korleis bruke det praktisk og effektivt?  Møtet er ferdig
Tors. 11. februar 19:00 – 20:30 Smart planting for optimal bruk av arealet  Møtet er ferdig
Tors. 4. mars 19:00 – 20:30  Ungskogpleie – kvifor og korleis  Møtet er ferdig
Tors. 18. mars 19:00 - 20:30 Praktisk bruk av skogbruksplanen på din eigedom  Møtet er ferdig

 

Med atterhald om endringar i programmet.

Påmelding og meir detaljert program for kvart webinar vil koma på nettsida til Statsforvaltaren i Rogaland og facebooksida Statsforvaltaren og bonden i Rogaland 14 dager før webinaret. Webinara er gratis og blir helde på Teams. Me sender ut link til påmeldte nokon dagar i forkant.

Vel møtt til ei fagleg vitamininnsprøyting i vintermånedane! 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.