Det høgste treet i Rogaland er kåra!

I februar blei det lyst ut ein uformell konkurranse om å finne det høgste treet i Noreg og i kvart fylke. Vinnaren i Rogaland står ved Ritlandsvatnet i Suldal. Me gratulerer! Treet er heile 46,1 meter og har overlevd skrivemaskina, unionsoppløysinga og både ein og to verdskrigar. Mykje tydar på desse hendingane har gått stilt og roleg for seg rundt Ritlandsvatnet, for bestandet står fint enno.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 24.03.2020

Ein sprek vinnar

Bestandet blei planta i 1874 og no nærmar vinnaren seg ein erverdig alder på 150 år med stormskritt. I 1950 blei bestandet innlemma i NIBIO sin portefølgje av forsøksefelt, og det har sidan den gong blitt gjort fleire målingar der. Siste revisjon var i 2010 og tala visar at den årlege løpande tilveksten den gongen heldt seg rundt 1,6 m3/da. Dette tilsvarer det ein kan forvente av ein 80-åring på same bonitet, og ein kan konkludere med at det då 140 år gamle treet held seg godt. Om du er interessert i å sjå meir på tala frå NIBIO kan du følgje denne linken. 

Det var 3D Analyse som stod for konkurransen der ein kunne sende inn tips om høge bestand eller tre. Vidare har dei brukt laserdata til å finne høgda på enkelttre. Følg denne linken som du vil sjå korleis dei målte seg fram til det høgste treet i Rogaland.

Treet i Suldal var i Norges-toppen, men nådde ikkje heilt opp. Det var ei sitkagran i lia opp mot Fløyen i Bergen med ein høgde på 49,7 meter som stakk av med sigeren. Gratulerer! Lista over topp 5 plasseringar visar at det var tett i teten, og Suldals-treet hamna på delt 5-plass.

  1. 49,7 meter, sitkagran, Bergen, Vestland (data frå 2016)
  2. 46,8 meter, gran, Toten, Innlandet (data frå 2017)
  3. 46,7 meter, kjempeedelgran, Kaupanger, Vestland (data frå 2014)
  4. 46,5 meter, gran, Ravnedalen, Agder (data frå 2014)
  5. 46,1 meter, gran, Suldal, Rogaland, (data frå 2017)
    46,1 meter, sitkagran, Stend, Vestland (data frå 2016)

 

Frø frå Suldal til framtidas skogar

Den varme og tørre sommaren i 2018 førte til storstilt blomstring og konglesetting på gran i Noreg. Dette la grunnlag for konglesanking i regi av Skogfrøverket som har ansvar for frøforsyninga til skogbruket i Noreg. Skogfrøverket ynskjer å sanke kongler frå bestand med god kvalitet og vekst, og gjerne i forbindelse med ein hogst sidan det forenklar arbeidet med å få tak i konglene. Eit av bestanda rundt Ritlandsvatnet var klart for avvirkning noko som blei meldt inn til Skogfrøverket. Slik kom det til at det blei sanka kongler frå dette bestandet som mest sannsynleg har same opphav som bestandet der det høgste treet står. Det lovar med andre ord godt for veksten og kvaliteten i framtidas skogar i Rogaland.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar