Bygg nytt fjøs i tre – Daniel Andreas Breivik kan hjelpe deg!

Landbruksavdelinga har engasjert Daniel Andreas Breivik for å promotere nye fjøs i tre. Han vil ha kontor på heimegarden i Skjold og ha hovudengasjementet i heimkommunen Vindafjord. Bygg i tre har fått merksemd m.a. ut frå klimaomsyn, og vil få ekstra prioritet når det gjeld investeringsmidlar i 2020.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 18.10.2019

Daniel er 27 år gammal og oppvaksen på gard med mjølkeproduksjon og sauehald i Skjold, Vindafjord kommune. Han har studert landbruksteknikk på Blæstad, Høgskulen i Innlandet, som blei avslutta med ei bacheloroppgåve kor han planla nytt ammekufjøs på eigen gard. Fjøset har ennå ikkje blitt realisert då det blei bestemt å ta fleire år på skulebenken. Han gjekk vidare på NMBU der han nyleg har avslutta masterstudie, og seier følgjande om val av tema:

Då eg skulle bestemme meg for tematikk for masteroppgåva følgde eg mi interesse for norsk landbruk og fokuserte nok ein gong inn mot landbruksbygg. Denne gongen hadde eg eit meir nasjonalt fokus og tittelen på masteroppgåva vart «Korleis kan bruk av tre i landbruksbygg aukast?». Det var ei kvalitativ oppgåve kor eg reiste rundt i landet og intervjua bønder og andre aktørar innfor landbruksbygg. Målet med studiet var å undersøke kva dei ulike aktørane tenkte kunne gjerast for at tre skulle få større marknadsandelar innan landbruksbygg, og om næringsklynger kunne vere eit verktøy for å nå målet.”

Dette skulle tilsei at Daniel Andreas har god kunnskap om utfordringar knyta til det å bygge nytt fjøs i tre, og det å tilpasse investeringa til ressursgrunnlag på garden. Han har elles godt fotfeste i landbruket, og god kunnskap om det å vere bonde. Vi har god tru på at vi vil sjå resultatar trass kort engasjement ut dette året. Han kjem gjerne på besøk til deg, også om du har gard utanfor Vindafjord. Ta kontakt!

Melkekyr i en fjøs

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar

Kontaktperson - Daniel Andreas Breivik