Storstilt opning av Søndenåneset tømmerkai

Søndenåneset tømmerkai er utvida til å kunne ta imot store båtar. Stortingsrepresentant Line Henriette Hjemdal fekk, saman med Vindafjord-ordførar Ole Johan Vierdal og Suldal-ordførar Gerd Helen Bø, æra av å foreta den offisielle snorkappinga - på grøn løpar og med ein 100 år gamal øks.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 10.01.2017

Nesten 100 personar hadde møtt opp på Søndenåneset tømmerkai denne fredagen, mellom anna heile 8. klasse frå Vikedal skule.

Line Henriette Hjemdal, som mellom anna er medlem av næringskomiteen på Stortinget, nytta anledninga til å understreke kor viktig samspelet mellom skogbruket og samferdselspolitikken er, spesielt i kystfylka.

Hjemdal roste vidare skognæringa, dei lokale kommunane og fylket for å ha jobba målretta og samstemt i planlegginga av kaia. Søndenåneset er valt ut som ei prioritert satsing i rapporten Aktuelle utbyggingsprosjekt av tømmerkaiar i Rogaland, som Fylkesmannen og ei samla skognæring stod bak i 2013.

Ulike representantar frå skognæringa og forvaltninga deltok på markeringa, og kom med helsingar om at dette er ei viktig satsing både for skogbruket, men og for andre næringar i fylket.

Les meir og sjå fleire bilete frå opninga hos Kystskogbruket.

 

Ole Johan Vierdal (ordførar i Vindafjord), Line Henriette Hjemdal (medlem av næringskomiteen på Stortinget) og Olaf Gjedrem (leiar av Rogaland Skognæringsforum) deltok på opninga av Sønenåneset tømmerkai.

Ole Johan Vierdal (ordførar i Vindafjord), Line Henriette Hjemdal (medlem av næringskomiteen på Stortinget) og Olaf Gjedrem (leiar av Rogaland Skognæringsforum) deltok på opninga av Sønenåneset tømmerkai.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.