Seminar: Arealbruk i ei grøn framtid

Skogselskapet i Rogaland ønskjer i samarbeid med Fylkesmannen i Rogaland og Gjesdal kommune velkomen til seminar og årsmøte 14. -15. september i Gjesdal kommune. Tema i år er «Arealbruk i ei grøn framtid».

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 11.08.2016

Landbruket er ein del av løysinga for å møte dei store klimautfordringane, og dette vil ofte bety aktiv bruk av produktive areal både til jord- og skogbruksføremål. Konfliktar mellom ulike interesser skapar utfordringar for korleis desse areala skal utnyttast.

Seminaret har som mål å sjå på korleis planar og politikk kan styre denne utviklinga i rett retning, der vi blant anna får innspel frå fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa og stortingsrepresentant og leiar i næringskomitéen Geir Pollestad. I tillegg vil siste del av seminaret gå meir på konkret handling, moglegheiter, utfordringar og djupdykk i enkelttema, der det ligg nokon gode gulrøter for å kunne styre i rett retning.

Sjå program i kolonnen til høgre for meir informasjon om priser og opplegg, eller les meir på http://www.skogselskapet.no/rogaland

Påmelding kan skje til rogaland@skogselskapet.no, eller til Erik Faye-Schjøll – mob. 916 26 900, innan 4.september. Hugs å oppgi namn, adresse, e-post, telefonnummer og kva delar av arrangementet du vil vera med på. Inkluder også om du vil overnatte, og om du er medlem av Skogselskapet. Pris og program finn du i invitasjonen.

Vel møtt til interessante og lærerike dagar i Gjesdal!

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar